61 000 til lag og andre
Nissedal har fordelt kultur- og prosjektmidlar på til saman 61 000 kroner for 2016.
Kulturmidlar: Nissedal IL 7 000 kroner, mållaget 1 000, Treungen IL 7 000, FriBu, Treungen frikyrkje 6 500, Nissedal skyttarlag 2 000, Nissedal helselag 1 000, Nissedal yngreslag 2 500, Nissedal sundagsskule 2 000, Nissedal Røde Kors 1 000, pensjonistlaget 1 000, Homme og Heimdal sundagsskule 3 500, UL Vårvon 1 000, Framnes vel 1 000, Havrefjell turlag 1 000, Felle IL 3 000, Haugsjåsund og Tjønnefoss misjonslag 1 000, Fjone yngres 2 000, Nissedal bygdekvinnelag 1 000, Åmli og Nissedal motorklubb 1 500, Nissedalskoret 1 000 og Laget Fellsingen 1 000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektmidlar: Treungen IL, rydding Nisserstien 5 000 kroner, Treungen IL, skikarusell 5 000 kroner og UL Vårsol 3 000 kroner.
Tiltaka på Nisserstien er forbetring og meir tilrettelegging for alle ved klopping, rydding, barbering av traseen, innkjøp av benkar og oppsetting av skilt.
Skikarusell gjeld fellesutgifter til arrangementa, som er eit samarbeid mellom Felle IL, Nissedal IL, Treungen IL og frivillige på Fjone.
UL Vårsol skal reparere toaletta i ungdomshuset. Eitt toalett er ute av drift, og båsane på dametoaletta er øydelagde.