8 000 i bot for børning
I kveldinga førre veke blei ein vesttele i 20-åra teken for slurring med bil i Seljord sentrum. Føraren fekk 8 000 kroner i bot for spinninga som skapte både støy, røyk og kunne skada bilar og anna i området. Lensmann i Seljord, Torodd Aase, fortel at føraren har vedteke bota, og at han var svært nære å miste førarkortet etter hendinga.