Åmdal/Tokke med ny siger

Topplaget i 7. divisjon tok tre nye poeng borte mot Gjerpen 2. Dermed står Åmdal/Tokke bokført med sju sigrar og ein uavgjort så langt. Det er nok til å toppe tabellen.

          – Kampen blei akkurat så vanskeleg som eg frykta. Det var tydeleg føre kampen at tenninga ikkje var rett hjå spelarane. Slik kan det fort bli med ein så god sesongstart, fortel spelande trenar Lars Inge Sollie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel blei det tre poeng til topplaget, men det var ikkje før slutten av kampen at Åmdal/Tokke avgjorde. Heimelaget var i føringa ein gong på stillinga 2-1.

For bortelaget skåra Tarjei Solli, Mikael Timland og Kristian Homme før trenaren skåra 4-3-målet ti minuttar før slutt. På overtid fastsette Olav Hommo sluttresultatet til 5-3.

Torsdag kjem Heddal 2 på besøk til Dalen.