Apropos «rævkrok»

Såg i VTB at det skulle arrangerast «rævkrok» under countryfestivalen i Seljord. Det er ein artig leik, og ein som har lange tradisjonar. Vil bare kome med ei lita åtvaring til dei som har passert 60. Sjølv var eg for nokre år sidan på eit kurs i regi av Lokalhistorie i skolen til Gotland i Sverige. Siste kvelden skulle kursleiaren arrangere «Gotlandske leikar», og spurde om nokon av oss deltakarar visste kva «rævkrok» var. Eg var nok litt for rask til å melde meg, og skulle ned på bakken for å tevle mot ein svenske som var halvparten så gamal som eg var. Eg visste frå den tid eg gjekk i skulen og dreiv mykje med «rævkrok» i gymtimane at her må ein vere rask til å slå til. Eg vippa svensken rundt, og det lika han dårleg. Han skulle ha omkamp, og då med venstre foten. Då gjekk det skikkeleg skeis med underteikna. Her stod det sjølvsagt mykje prestisje på spel. Eg vart vippa rundt slik at dei fleste rundt kunne høyre det knaka bak i nakken. Eg skal gjere ei lang historie kort. Legen i Visby meinte det var ein strekk i nakken, det same gjorde legen i Noreg. Men etter 14 dagar med mykje smerte i nakke og venstre arm, bad eg sjølv om å kome på røntgen. Der viste det seg at her stod det ikkje bra til med ein nakkevirvel. Tre dagar (!) etter fekk eg beskjed om at ein ambulanse kom om ein time for å kjøre meg til Ullevål sjukehus. Der stod dei klare med båre i inngangen, og det bar rett inn til ny undersøking. Det var ikkje noko val, eg måtte opererast. Ei titanplate vart sett inn, og den har halde godt til nå. Men legen sa eg hadde hatt flaks som ikkje hadde blitt lam frå nakken og ned, og ho sa klart frå at eg var ikkje 20 år lenger, noko eg stundom har litt problem med å innsjå. Det vil eg tru mange under countryfestivalen også har! Det er viktig at underlaget er godt, og at dommaren er på plass og ser til at alt går greitt for seg. 


Lukke til med tevlinga!

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunstein Seltveit