Asbjørn blar i «krigsminneboka»
Rett nok veit mange at Asbjørn, som han vert kalla av bygdefolket i Bøgrend i Vinje, dreiv forretning og var poststyrar i godt og vel ein mannsalder. Bygdefolket veit og heilt sikkert at han var ein aktiv kar i motstandsrørsla under krigen. Det finns andre i Vest-Telemark som ikkje veit dette – og at han faktisk måtte «borge» bort varer frå den vesle bua si i Bøgrend til dei norske styrkane. Borge måtte nok mange i denne tida, men dei fleste betalte. Varer for vel 500 kroner vart borga bort til Hannevig sine styrkar, ja, mykje meir. Men nett dette beløpet fekk han ikkje betaling for.