Automattyrrani
Femte mai las eg eit stykke i TA under vignetten «Sant å si».
Ei kvinne skriv om luka på lækjarkontoret der det no er uråd å betale for tenester på gamalt vis.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har opplevd det sjølv:
Ein blir synt til ein automat.
Og blir ståande framfor eit framandt system som eit 'stutehovud'.
Her skal det stappast i kort og trykkjast kodar, og så må venlege kontorfolk til slutt koma og hjelpe for å få det til.
Kunne dei ikkje tent både tid og pengar på å ta imot betalinga med ein gong?
I luka?
Alt skal bli lettare for vanlege menneske, heiter det.
Kvifor må ein då dragast med slikt på lækjarkontoret i Åmot i Vinje?
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjære Vinje kommune (kven du no er), det er kanskje best å vera så gamal at ein får døy frå all denne dumme utviklinga?
Ragna Kristiane Bø