Berre nesten for Kviteseid/Høydalsmo

Kviteseid/Høydalsmo spela borte mot Skiens Grane 2 sist fredag. Før kampen hadde 7. divisjonslaget fem poeng etter ein siger, to uavgjort og fire tap. Kampen i Skien enda med 2-3-tap.

– Kampen var jamn, men me manglar det vesle ekstra for at resultatet skal bikke i vår favør. Me leia 1-0, men hamna under 1-3 før Jan Markus Hjertås skåra sitt andre mål i kampen, seier oppmann Kristi Marie Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at laget frå Vest-Telemark hadde fleire store sjansar utan at det blei skåringar. No lovar ho at spelarane skal brette opp ermene endå litt meir.

– Me går for siger heime mot Gjerpen 2 i neste kamp, slår Tveit fast.