Betre med ei flaske hjå Vetle enn nidrikking i bilane

Seljord edruskapsnemnd vann ein liten siger i kommunestyret torsdag. Der låg det føre tre søknader om skjenkeløyve, og søknaden frå Vetle Skori galdt ein ny skjenkerett. Inga tilråding frå edruskapsnemnda, og formannen Oddmund Gåskjenn grunngav dette: – Dersom formannskapstilrådinga blir teken til fylgje, tyder det kraftige endringar i høve til den vedtekne edruskapsplanen. Då er politikarane og fagutvalet på kollisjonskurs, sa Gåskjenn og gjorde framlegg om utsetting og eit formannskapsoppnemnd utval til å utarbeide delplan for løyvepolitikken innan sommaren og ein ny plan innan sommaren 87. (…) Slaaen tok saka til røysting, og edruskapsnemnda vann med knappe 14-11. Dermed må Vetle Skori vente til juni med å få søknaden sin handsama. Nutheim Gjestgiveri og Seljord Kro fekk innskrenka løyve med 19-8 og 18-9-fleirtal. Olav H. Sandsdalen gjekk inn for å stille bygdefolk på line med reisande, men framlegget fekk berre tre røyster.

Les heile saka