Bobby Bare og Wendel Atkins til Dalen i byrjinga av juli!

Tokke Countryfestival med budsjett på 1 million:

Gled dykk alle countryfans! Bobby Bare og Wendel Atkins kjem til Dalen under årets «Tokke Countryfestival»! For å få den aldrande superstjerna Bobby Bare flyboren til utescena på Dalen må tilskiparane ut med helle 10 000 U.S. Dollar. Men kva gjer ein vel ikkje for å setje ei skikkeleg ramme rundt ei tilstelling det knyttar seg så store forventningar til? Stormsuksess i fjor, både økonomisk, kunstnarisk og arrangementsmessig. Og med namn som Bare, Atkins, Spelemannsprisvinnarar Ottar Big Hand Johansen, Claudia Scott og Caslno Steel, TJ. and The Stright Shot, kan det ikkje verta dårlegare i år. Som eit ekstra trekkplaster vert det truleg arrangera Telemarksmeisterskap for countryartistar med 8.000 kroner og opptreden laurdagskvelden i premie for vinnaren. Arrangørane er optimistar og reknar med at minst 10 000 menneskje vil finne vegen til Dalen helga 4. til 6. juli. Og sidan budsjettet er på godt over 1 million kroner trengst det verkeleg folketilstrøyming. 

Les heile saka

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik opplevde Gunvor Hals festivalen …