Brev til Høgre

Det er lokalval i år og Høgre inviterer medlemene sine til dugnad i valkampen! Men kva hjelper det med dugnad når distrikta blir gløymt? Eg var sterkt med på dugnad for to år sidan, i håp om at Høgre i regjering ville rydde opp i viktige saker for distriktsnoreg. Eg håpa at grunneigerar i fjellet og distrikta ville bli respektera på lik linje som grunneigerar langs kysten, men registrerer at ein må til Strasbourg for å ordne i forhold som burde vore handtera i eige land, til dømes tomtefestlova. Heller ikkje grunnlova blir respektera i forholdet til privat eigedomsrett.

Verneproblemet er ei anna stor sak i distrikts- og fjellbygder. Vern utan årleg kompensasjon er eit overgrep frå det offentlege. Kva haldning har Høgsterett i desse spørsmål? Kanskje det er på tide med utskiftingar i Høgsterett for å sikre at grunnlova igjen vert respektera og betre kvalifikasjon blant domarstanden generelt? Når det gjeld vern og lovverk med tilbakeverkande kraft så er dette i konflikt med grunnlova. Kvar ligg kunnskapen om dette temaet sentralt? Dette må det ryddast opp i, staten kan ikkje ta seg til rette på dette viset, kva er demokrati? Viss staten treng areal til vern av natur, ja då må grunneigerane få betalt ei årleg leige, det er slik det fungerer elles i samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Distriktsnoreg kan ikkje leva under eller akseptere slike uverdige ordningar. Dette kokar ned til ein interessekonflikt mellom by og land. Dagens vernepraksis er i røynda tjuveri og kriminelle handlingar frå det offentlege. Dette må ikkje få fortsette, då vi nærmar oss ein diktaturstat når det gjeld privat eigedomsrett, til dømes: motorferdsle på privat grunn, privat rettsleg, offentleg rettsleg, oppsyn og kontroll. Me treng den såkalla generalfullmakt, på lik line som politiet, sjølvsagt på eigen eigedom dette er heilt nødvendig.

Valparolen i 2013 var at ingen sjukehus skulle leggast ned, men kva for dumheiter har Høgre gjort i posisjon? Me har fengje ein elendig helsetryggleik i distrikta, kva er hensikta?

Stadig vekk blir der plukka frå distrikta, alt skal sentraliserast, både helse og politi. Kom ikkje med påstandar om betre tilbod, når tenestar blir flytta til byane. Med auka avstandar minkar tryggleiken i distrikta. Skal me måtte ty til borgarvernet att? Kor dum går det an å bli?

Kvar har det blitt av fanesakene, og det som var god høgrepolitikk? Set fingrane i jorda og sjå realitetane, byane kan ikkje utviklast på bekostning av distrikta.

Er det slik at bygdefolk må dø på byfolkets alter!? Dette er ein merkleg politikk, og det blir by og land som hund og katt, eller kanskje det som verre er.

Det er ingenting som talar for nedlegging av Rjukan sjukehus, verken økonomi eller fagkunnskapar. I denne saka har helseministeren blitt lura av andre interesser.

Me høyrer ikkje på dårlege argument om for små fagmiljø, verken frå helseministeren eller frå det kunnskapslause helseforetaket som vedtok at Rjukan sjukehus skulle stengast. Kunnskapen og kompetansen på Rjukan sjukehus var god, store einingar er ikkje synonymt med god kvalitet, like lite som små einingar er synonymt med dårleg kvalitet. Politikk er ikkje svaret på alt, hugs det. Kunnskap kjem ikkje over natta!

Er det Høgres politikk å skapa A og B menneske, der A menneska er dei som det er verdt å satse på, medan B menneska er dei som Høgre vil plukke verdiar og ressursar frå? Gjeng dette an når landet flyt over av pengar? Høgre må raskast mogleg reversere sine mistak. Politikken så langt i regjeringsperioden vitnar om eit distriktsfiendtleg parti, utan evne til å lytte på godt forankra kunnskap frå distrikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre bør tenke meir på korleis partiet kan skapa ein heilhetleg politikk for landet Noreg, og ikkje tru at eit ungt land kan meir enn alle andre. Ein bør spørje seg kva er best for alle i Noreg? Og ikkje om kva som er best for meg og mine.

Kommunesamanslåing vil føre til auka problem og misnøye, eg talar av erfaring frå eige område frå 1964, då Rauland vart innlemma i Vinje kommune. Samanslåing førde ikkje med seg utvikling, snarare avvikling og flytting av verdiar.

Eg har peika på litt av det som kunne vore teke opp, eg har alltid vore samfunnsengasjert og har 50 år som sjølvstendig næringsdrivande, som entreprenør på anlegg og tomting, eg har vore gardbrukar og forvalta store høgfjellsområde. Det starta mange år før Gro Harlem Brundtland var miljøvernminister og ganske grøn

Til slutt: eg forventar ikkje at nokon tek omsyn til innhaldet i dette brevet frå ein husmann. Men då bør dei ikkje fortelje seinare at me ikkje visste at det var slik. Skulle det vera noko av interesse her, så ta gjerne kontakt (lærdomen er ikkje tung å bera)

Med helsing og vyrnad frå,

Bjørn Skinnarland