By og land, hand i hand – i Kviteseid kommune?
Kviteseidbyen
Kommunesenteret i Kviteseid kommune liker å kalle seg by! Dvs. «Kviteseidbyen»! Om dette senteret ikkje er særleg stort, er her bank, apotek og mange kommunale institusjonar: Kommuneadministrasjon, barneskule, ungdomsskule, Idrettshall, kulturskule, sjukeheim, aldersbustader og legekontor.
Vrådal
I grenda Vrådal er det annleis. Den einaste kommunale institusjonen her er den vesle Grendeskulen og barnehagen på Straumsnes. Straumsnes skulekrins er eit langstrakt område: Frå Vråliosen i nord til kommunegrensa mot Nissedal i sør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå Straumsnes til Vråliosen er det to mil! Frå Straumsnes til kommunegrensa til Nissedal er det meir enn ei mil!
Og no har Rådmannen framlegg om å fjerne 5.–7. klasse og kjøre desse elevane med buss til Kviteseidbyen. Frå Straumsnes skule til Kviteseid skule er det 1,6 mil! Er dette oppveksttilhøve vi ynskjer i Vrådal? Der eg bur ved riksveg 41, går bussen til Kviteseid ti minutt over sju om morgonen og skulebarna er berre 10 år når han/ho startar i 5. klasse!
Posisjonen
I Kviteseid kommunestyre har vi nokre som kallar seg «Posisjonen». Det er det fleirtalet som har makta i kommunen vår. Ved nærare ettertanke, syner det seg at alle dei leiande politikarane i «Posisjonen» er frå Kviteseidbyen: Ruud, Mosdøl, Gjølberg og Tveito høyrer alle til Kviteseidbyen! Vil dei ha meir forståing for å halde på 5.–7. klasse på Straumsnes skule enn rådmannen? Meir forståing for lange avstandar i grendene? Meir forståing for skulebarn frå Vrådal som må sitte lange vegar i buss?
Eg vil og nemne to punkt frå valprogrammet til Senterpartiet og Venstre:
Kviteseid Senterparti gjekk i 2011 til val på: «Arbeide for å halde på den skulestrukturen vi har i dag.»
Kviteseid Venstre gjekk i 2011 til val på: «Vi har tre gode skoler/oppvekstsentre i kommunen. I Brunkeberg, Kviteseid og Vrådal. Disse vil vi beholde og videreutvikle».
Det kan vel ikkje seiast klårare. Desse partia kan ikkje stemme for å leggje ned 5.–7.-klasse på Straumsnes skule i samband med handsaming av budsjettet i desember 2014! Eller er partiprogramma berre tome ord?
Sentralisering
Å fjerne 5.–7. klasse frå Straumsnes skule og flytte dei til Kviteseidbyen er sentralisering. Eit godt tilbod på Straumsnes skule er livsnerva i Vrådal for at vi skal ynskje å bu her. Og samstundes; Kviteseidbyen treng livskraftige grender som ynskjer å nytte seg av tilboda i Kviteseidbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og til dei styrande politikarane i Kviteseidbyen: Når vi vaksne kjører med bil frå Vrådal langs rv. 41 er det veldig lett å kjøre forbi vegen ned til Kviteseidbyen og rulle vidare til Seljord. Vi vaksne sit i eigen bil og treng berre legekontor, apotek og bank ein gong i blant og kan kanskje like gjerne reise til Seljord?
Bør vi ikkje stå saman, by og land innafor Kviteseid kommune? Jo, la oss stå saman og redde 5.–7. klasse på Straumsnes no i desember. Jo, la oss stå saman og arbeide langsiktig for eit attraktivt kommunesenter i Kviteseid!
Tove Gulliksen Øy