Dalen vidaregåande til kamp mot nedleggings-spøkelset
– Grunngjevinga frå fylkesskulesjefen for å leggje ned ei grunnkursklasse på maskin og mekanikarlina ved Dalen vidaregåande skule er svært mangelfull. Fylkeskulesjefen rår til at denne klassa vert nedlagt frå hausten 86 grunna sviktande elevtal. Dette er berre tull! Me har hatt fulle klasser og stor søknad til nettopp denne lina i alle år. I år har me hatt noko mindre søknad enn tidlegare, men det er ikkje grunnlag for å seie at minkande søkjartal er ein tendens, tordnar elevar og lærarar ved Dalen vidaregåande skule.
– Nedlegginga av denne grunnkursklassa kan få svært alvorlege ringverknader. Rekrutteringa til fagutdanning i Vest-Telemark vert svekka. Dette kan bety byrjinga til slutten for ei fagutdanning ved ein skule i eit distrikt som i stort mon treng fagutdanna arbeidstakarar i denne retninga, seier faglærar Arne Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.