Torgeir Omsberg frå Dalen gav seg som gullsmed i 2001. – Då merka eg at eg blei litt misfornøgd med kvaliteten på arbeidet, så tida var rett for å gje seg. Ein vil helst behalde det gode ryktet, smiler 91-åringen.
Torgeir Omsberg frå Dalen gav seg som gullsmed i 2001. – Då merka eg at eg blei litt misfornøgd med kvaliteten på arbeidet, så tida var rett for å gje seg. Ein vil helst behalde det gode ryktet, smiler 91-åringen.

Den staute gullsmeden

Torgeir Omsberg (91) frå Dalen er eigentleg utdanna elektrikar, men det var som gullsmed han treivst aller best.

– Eg gav meg som gullsmed for 15 år sidan. Då merka eg at eg ikkje var like stø på hendene lenger, og det var derfor rett å gje seg. Ein vil gjerne behalde det gode ryktet, smiler den høgreiste og staute karen.

Slekta til Torgeir kjem frå garden Omsberg på austsida av Byrtevatn, men han har aldri sjølv budd der. Han er fødd på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pappa var fødd og oppvaksen på Omsberg. Namnet kjem truleg av at plassen låg litt åmom to bergnabbar. Så vidt eg veit var det ein gamal lærar i Mo som føreslo at me skulle skrive namnet med O, sidan det var enklare. I rett gamal tid var det Aa, og seinare Å, men det enda altså med O, forklarer Torgeir.

– Stas å kome til Omsberg

Han fortel at han ofte var på Omsberg om somrane. Gjerne i samband med slåtten. Og sidan onkelen og bestefaren framleis budde der, var det naturleg å vitje dei i blant.

– Det var stas å kome til Omsberg. Me måtte sjølvsagt bruke båt for å kome oss over Byrtevatn. Då var det å stå på Rikastø og huve og skrike til onkel Tarjei høyrde oss, og henta oss, smiler Torgeir.

– Å vere gullsmed krev både tolmod og at ein er nøyen, så då har eg vel vore det då, seier Torgeir Omsberg (91).
– Å vere gullsmed krev både tolmod og at ein er nøyen, så då har eg vel vore det då, seier Torgeir Omsberg (91).
– Torgeir Omsberg er blant dei aller beste når det gjeld filigransarbeid og knivarbeid, seier museumsdirektør Dag Rorgemoen. Noko av arbeidet er å finne på Vest-Telemark museum i Eidsborg.
– Torgeir Omsberg er blant dei aller beste når det gjeld filigransarbeid og knivarbeid, seier museumsdirektør Dag Rorgemoen. Noko av arbeidet er å finne på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Far til Torgeir, Aslak, flytta til Dalen i 1919, og på same tid tok han sertifikat. Han tok på seg jobben som rutebilsjåfør frå Dalen til Rauland, ein jobb han hadde i om lag 15 år før ruta blei snudd, og Aslak fann seg noko anna å gjere.

– Han blei forsikringsinspektør. Huset som eg bur i kjøpte han i 1920, fortel Torgeir.

Starta med å teikne

At Torgeir skulle bli ein nokså vidgjeten gullsmed, visste han lite om i oppveksten og tidleg ungdom. Men han vedgår at interessa han hadde for teikning, kunne vere starten på det heile.

– Etter at eg var ferdig med skulen kom krigen. Då stoppa liksom planane opp litt. I krigsåra var eg både på Dalen og på Omsberg. Det var forresten mange som tok til dit for å kome seg unna tyskarane, og ikkje minst for å høyre illegalt på radiosendingane. På same tid kom ein kar frå Geilo, Arnfinn Aaker, til Dalen. Han skulle vere lærling hjå sylvsmed Eivind Tveiten, hugsar Torgeir.

Og det var slik interessa for gullsmedfaget blei vekt. Torgeir og Arnfinn Aaker blei gode vener, og Torgeir fekk i oppdrag av Aaker å teikne av mykje av sylvsmedarbeidet han lika.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aaker var nok 3–4 år eldre enn meg. Dersom han kom over noko fint sylvarbeid han hadde lyst til å lage, blei eg sett til å teikne slik at han hadde arbeidsteikningar, hugsar Torgeir.

Blei elektrikar

Far til Torgeir hadde også spurd Eivind Tveiten om lærlingplass for sonen, men då var det allereie andre som hadde fått lovnad om dette.

– Aaker tok svennebrevet i 1942 og reiste tilbake til Geilo. Han bad meg kome etter så snart han hadde etablert gullsmedfirma på Geilo. Han ville gjerne halde fram samarbeidet, fortel 91-åringen.

Men tidene etter krigsåra var heller magre for Aaker som for så mange på den tida. Dermed hadde han ikkje høve til å ta i mot Torgeir. Derfor sette Torgeir kursen mot Rjukan og skulegang på elektrikarlina. To år seinare og med elektrikarutdanninga i lomma, tok han på ny kontakt med Aaker på Geilo.

– Men han hadde heller ikkje då høve til å ta i mot ein lærling, seier Torgeir.

«Vaksen» lærling

Dermed blei det eitt års militærteneste på Gardermoen, før han på ny kontakta Aaker.

– Og då ville han prøve. Eg var etter måten ein nokså gamal lærling, 22 år gamal, men eg kjente at eg så gjerne ville lære meir om faget. 12 år blei eg verande på Geilo, og svennebrevet som gullsmed blei med meg då eg flytta heimatt til Dalen i 1959, minnest Torgeir.

Verkstadarbeidar

Men det var ikkje råd å starte som gullsmed på heiltid for den då 34 år gamle karen. Det var då broren Gunnar såg ein annonse i Aftenposten. Tokke-anlegget var godt i gang, og dei lyste etter ein medarbeidar på verkstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sa til pappa at den stillinga vil eg søkje på. Jammen, du har då ikkje slik praksis, sa han. Nei, men eg har eit godt avgangsbevis frå skulen, svara eg.

Og Torgeir fekk jobben. Han blei verande fram til arbeidet på Tokke-anlegget var over i 1973.

– Mykje av jobben bestod i å vikle motorar. Det var ikkje å kjøpe nye motorar dersom dei gamle gjekk sunde. Ofte var det spesiallaga motorar, så løysinga var som regel å reparere. Eg lika meg godt i jobben, og kjem i hug at eg hadde ei startløn i 1959 på 4,50 i timen. Då eg slutta låg timeløna på rundt 19 kroner, ikkje dårleg på den tida det, smiler han.

Nei til NRK

Men i åra på Tokke-verkstaden hadde han også gjort ein del sylvarbeid for vennen på Geilo. Og då anleggstida var over bestemte 48 år gamle Torgeir Omsberg seg for å satse på gullsmedyrket på heiltid.

– Eg vedgår at eg var litt usikker på om det ville vere liv laga, så eg søkte på jobb hjå NRK. Dei skulle tilsetje folk, og dette var i fargefjernsynets barndom, så det virka spennande. Eg fekk jobben, men etter litt grubling fann eg at tida ikkje var rett likevel. Foreldra mine var blitt gamle, og eg var vel ikkje heilt innstilt på å flytte til Oslo på hybel i ein alder av nærare 50, så eg takka nei, fortel han.

Gullsmed på heiltid

Etterspurnaden av det gullsmedarbeidet auka på, og dermed tok han avgjerda om å satse for full på gullsmedkarrieren i 1973.

– Fram til 2001 var eg berre gullsmed. Det var helst bunadssylv det gjekk i, men eg fann ut eg ville lage knivar også. Ikkje minst for å bryte opp litt og gjere noko anna. Variasjon er viktig, smiler han.

– Har du oversikt over kor mykje du har laga gjennom åra?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg har ikkje det. Og akkurat det angrar eg litt på. Eg skulle gjerne hatt ei oversikt, men skal eg anslå talet på knivar kan det vel vere ein stad mellom 150 og 200, svarar han.

Bunadssylv til kongehuset

Torgeir har laga bunadssylv til sjølvaste dronning Sonja. Det gjorde han på same tid som Tone Huus, også ho frå Dalen, sauma beltestakk til henne. Det var eit komplett Vest-Telemark-produkt som blei bestilt og levert dronning Sonja føre dei Olympiske leikane på Lillehammer i 1994.

– Det var stas det, mimrar han.

Torgeir bur framleis i barndomsheimen på Dalen. Foreldra Aslak og Helga døydde i høvesvis 1979 og 1988. Forutan broren Gunnar, som budde i lag med Torgeir fram til han døydde i fjor, har Torgeir ei syster som held til i Bærums-traktene.

– Eg saknar Gunnar kvar einaste dag. Dagane går litt i kvarandre, og eg har blitt dårlegare til beins. Det er rett å seie at eg merkar alderen no, avsluttar den sympatiske og rakrygga 91-åringen.

– Blant dei fremste i faget

Dag Rorgemoen er direktør i Vest-Telemark museum. Han kjenner godt til både filigransarbeidet og knivane som Torgeir har laga. Og Rorgemoen er tydeleg då han blir spurd om kvaliteten på arbeidet.

– Det er lett å seie noko om arbeidet til Torgeir Omsberg. Filigransarbeidet hans er av det ypparste slaget. Arbeidet er særs presist og smått. Han bruka veldig tynn tråd. Når det gjeld knivarbeidet hans er det heilt i toppen, og knivane er svært ettertrakta hjå samlarar. Torgeir Omsberg nyter stor respekt hjå samlarar og i miljøet elles, både med tanke på kniv- og filigransarbeidet seier Rorgemoen.