Desse ser til at teljinga går rett for seg i Seljord
Under valet er det berre nokon få som tel røystesetlane, og Bente Widenoja Sudbø ser til at det går rett for seg når valurnene blir opna og telt.
Klokka 18 var dei fleste i teljekorpset for Seljord på plass i kommunehuset.
– Det er ingen andre enn me som er i teljekorpset som får kome inn her etter at stemmesetlane er tatt ut av stemmeurnene, seier Bente Widenoja Sudbø som er valansvarleg i Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Førebels er det berre førehandsrøystene som er telte, men etter klokka 21 kan me byrje å kome med nokre resultat, seier ho.