Det luktar 7. i Seljord

Det ser ut som Seljord er vaksinert mot å vinne jamne oppgjer. Sjølv med tre fine skoringar måtte laget tole fem baklengs, og dermed elt 5-3-tap for Kjapp i Seljord fredag kveld. Dermed står laget utan siger i årets serie etter sju kampar, og alt no luktar det 7.divisjon av laget. Rett nok spelar Seljord jamt og til tider betre fotball enn motstandarane, men laget er i ei alvorleg blindgate for tida. Heimelaget leia både 1-0 og 2-1, men med eit forsvar som til tider var ope som ei låvedør og ein midtbane som ikkje legg godt nok press framover på banen, kan ein ikkje vinne jamne oppgjer.

Stillinga var 3-3 halvvegs i andreomgangen. Men som så mange gonger før – det rakna mot slutten. To lettkjøpte, men fine langskot ved Ole Henrik Haverås senka Seljord og eit nytt tap var eit faktum. Eit noko urettvist resultat, der Kjapp skora fem gonger på sine sju-åtte angrep, medan Seljord ved fleire høve hadde fortent ein betre skjebne for sine sjansar. Likevel - gjestene kunne ta med seg alle poenga i kampen, medan Seljord framleis famlar i mørket. Best for Seljord denne gongen: Tomålsskorar Tommy Rasmussen, Bent Sveinsson og Tore Martin Svanheld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les meir i VTB frå 10. juni 1987 – fullspekka med fotballreferat frå mange stader i Vest-Telemark. 

(Ope for alle VTB-abonnentar og dagspasskjøparar)