Éin ny vesttele
Ikkje alle kommunebudsjett går i null, men til no i år har folkeveksten gjort det. Ved utgangen av tredje kvartal budde det ein person meir i Vest-Telemark, enn det gjorde då året tok til. På same tid i fjor var status 42 vesttelar færre enn ved årsskiftet.
I tredje kvartal åleine auka folketalet i Vest-Telemark med ni personar. I løpet av dei same tre månadane i fjor gjekk folketalet ned med 41 personar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje fødselsoverskot, men tilflytting, som gjer at folketalet held seg stabilt. I kommunane Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Tokke har det vorte fødd færre ungar enn personar som har døydd.
Ved utgangen av tredje kvartal i fjor hadde Kviteseid eit fødselsunderskot på ni personar så langt i 2013, og ei netto fråflytting på 40 personar. Til saman 49 personar færre på ni månader. I år, derimot, har det kome 17 fleire kviteseidingar. Kommunen har hatt ei netto tilflytting på 25 personar, og eit fødselsunderskot på åtte personar.
I tredje kvartal åleine, skil Seljord seg ut. I løpet av det fyrste halvåret, forsvann ni seljordingar frå kommunen, men i tredje kvartal vart dei henta innatt og vel så det. Balanse i fødselsrekneskapen og ei nettotilflytting på 20 personar syt for at Seljord kommune har elleve fleire innbyggjarar 1. oktober enn dei hadde 1. januar. På dei same ni månadane i fjor, auka folketalet i kommunen med 12 personar.
Tokke og Vinje har begge folkeauke i tredje kvartal, men ein mindre auke enn nedgangen har vore dei to fyrste kvartala. Difor er resultatet sju færre tokkebuarar og fire færre vinbyggar.
Til saman er det 28 fleire innbyggjarar i Seljord og Kviteseid no enn det var 1. januar. I Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje er det til saman 27 færre personar.