Ein Vest-Telemarkkommune er ikkje på dagsorden

Det har i VTB vore fleire innlegg med oppmoding om å stemme nei til samanslåing av kommunane Kviteseid og Seljord fordi ein kommune i Vest-Telemark er meir framtidsretta. Eg ville og helst sett at vi kunne røyste om ein slik konstellasjon, men det er ikkje aktuelt i dag og vel heller ikkje i lang tid framover.

Årsaka er lett å finne i utgreiinga til Telemarksforsking:Kommunestruktur i Vest-Telemark der det kjem fram at e-skatt og konsesjonsinntekter gjev Tokke og Vinje rundt 40% ekstra inntekter medan tala for Seljord er 6% og Kviteseid bare 2%. Utgreiinga syner og at Vinje kommune har eit innsparingspotensial på 90 mill kr per år og Tokke på 58 mill kr per år. I ein slik situasjon meiner utgreiarane i Telemarksforsking: «Det kan vere utfordrande å slå saman kommunar som har svært ulik økonomisk situasjon og nivå på frie inntekter…» Dette viste denne prosessen var rett. Så lenge Stortinget vil tillate slike ulikskapar, kan ein sjå bort frå ein Vest-Telemarkkommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bortsett frå nokre mindre politiske parti er det semje i Stortinget om å skjere ned på overføringane til dei kommunane som ikkje er ufriviljug små. Basistilskotet på 13,3 mill kr til kvar kommune vil bli gradvis redusert. Det nye inntektssystemet som no blir føreslege, vil redusere tilskota til Kviteseid med vel ein mill kr til neste år, og det er truleg berre ei byrjing.

Personleg tykkjer eg ein samanslåing av Kviteseid og Seljord er eit framtidsretta tiltak. Dette er dei to kommunane i regionen som har størst sams arbeidsmarknad. Ein større og sterkare kommune vil vere attraktiv for etablering av offentlege arbeidsplassar. Reiselivet er nemnt i intensjonsavtala. For Vrådal sin del vil sams marknadsføring med Seljord og drivarane av Dyrskuplassen gje reiselivet ein etterlengta kveik.

Dei som røystar nei til samanslåing, røystar truleg ja til auka kommunale avgifter og eigedomsskatt. Dette vil føre til negativ verknad for det elles så konkurranseutsette næringslivet, og det er ikkje eit godt argument for folk som vurderer å busetje seg i kommunen.

Eg vil gje leiinga av våre to kommunar all ros for den intensjonsavtala som vi borgarar skal røyste over. Under presentasjonen i Vrådal var både rådmann og ordførar/varaordførar overtydande om at dette er ei god avtale for Kviteseid. Ikkje la utopien med alternativet ein kommune i Vest-Telemark forkludre den aktuelle avgjerda: Ja eller nei til føreliggjande intensjonsavtale mellom Seljord og Kviteseid.

Hans Øy