Eit friminutt frå sorga
«Det er lett å bli sitjande fast i sorga. Går du, har du framleis håp.»
Dei var fire i familien Larsen. Det vil seie; dei vil alltid vera fire. Men Erlend og Vegard lever ikkje lenger.
For Anne Grete Larsen, som var gift med Vierli-gründer og altmoglegmann Erlend Larsen i mange år, er samtale og vandring terapi i tunge stunder. Samtaler om Erlend, og om sonen deira Vegard, som omkom i ei ulykke i 2000.
Artikkelen held fram under annonsen.
Erlend var ein bauta i reiselivet i Telemark. Ein hjørnestein. Ei legende blant ski- og snøbrettkøyrarar på grunn av arbeidet han gjorde med terrengparken på Vierli. Og kven finn vel på å opne eit skatehotell i Rauland? Ingen andre enn Erlend Larsen kunne fått ideen – og langt mindre gjennomføre han.
Men inni seg streva Erlend med mykje. Til slutt for mykje.
Ein god stad
Snart har det gått eitt år sidan den skjebnesvangre dagen. Det har vore eit vondt og rart år for dei som stod han nær. Men Anne Grete Larsen er eit sterkt menneske. Det same er dottera Kristin.
– Eg har ikkje vore her i gravferd sidan Erlend blei gravlagd. Men det er ein god stad. Eg bestemte meg fort for at kyrkja og kyrkjegarden her ikkje skulle bli nokon vond plass å vera, seier Anne Grete.
Ho er i Rauland kyrkje saman med prostidiakon Eilev Erikstein. Det er hennar område, dette. Her har ho vakse opp, sprunge rundt som barn. Her har ho som vaksen gått tallause turar langs dei lange strendene, som i år ser nesten endelause ut. På kyrkjegarden ved Totak ligg både Vegard og Erlend.
Friminutt frå sorga
Erlend døydde 29. juli i fjor. Gravferda var 2. august. Ein månad seinare, fyrste helga i september, var Anne Grete med på pilegrimsturen «Vandring for forandring», der deltakarane er etterlatne etter sjølvmord.
Eilev gav ho ein brosjyre for vandringa i gravferda. Tenkte at Anne Grete kanskje ville bli med sjølv om det berre var ein månad seinare. Han hadde rett.
– Eg tente på det med ein gong. Tenkte det kom til å vera godt, seier Anne Grete.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fekk med seg to andre pårørande som også hadde mista nokon i sjølvmord.
– Då eg kom dit, blei eg overraska. For alle dei andre som var der var det lenge sidan dei hadde mista sine. For meg var det så nytt. Men det gjorde ingenting, seier Anne Grete.
Ho har etterpå omtalt vandringa som «eit friminutt frå sorga».
– Den fyrste tida går du på autopilot. Men det har jamt vore viktig for meg å vera ute i naturen, og eg hadde stort utbytte av det sjølv i tida like etter dødsfallet. Det gjev meg styrke til å koma gjennom kvelden. Det gjer godt å kjenne seg trøytt, seier Anne Grete.
Erikstein er samd. Han har mykje erfaring med sorgarbeid, sett mange måtar å takle sorg på.
– Det er lett å bli sitjande fast i sorga. Går du, har du framleis håp, seier Eilev.
Anne Grete søkte fellesskap også då Vegard døydde. Gjennom foreininga «Vi som har et barn for lite» fann ho hjelp og støtte.
– Difor blei den fyrste tanken min då Erlend døydde å vera saman med andre som har mista nokon i sjølvmord. Det er noko med det å vera saman med dei som er i same bås. Snakke ope, få bekrefta at andre kanskje kjenner ting på same måte som ein sjølv, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brått og overraskande
Erlends dødsfall kom som eit sjokk på Anne Grete.
– Erlend sleit med problema sine. Men eg hadde ikkje trudd han skulle gå til det skrittet. Eg trudde han ville løyse det. Nokon seier dei ikkje syntest det var rart det gjekk slik. Men for meg var det veldig overraskande, seier Anne Grete.
Eit tema som likevel av og til trengjer seg fram er skuldkjensla. Ei vanleg kjensle for dei som sit att etter sjølvmord.
– Eg har sjølvsagt tenkt «kvifor reiste eg ikkje opp til han den sundagskvelden?» Men eg hadde hatt ei god samtale på telefonen med han tidlegare, i fred og fordragelegheit – heldigvis, fortel Anne Grete.
Eit spørsmål ho oftare stiller seg, er «kva tenkte du på då, den kvelden det skjedde?»
– Eg har tenkt mykje på det. At han har fare ut i hurten og sturten og gjort det han gjorde. Kva utløyste det, undrar ho, og legg til:
– Erlend var utruleg vanskeleg å stoppe, i alt han gjorde.
Han var eit godt menneske. I gode periodar hjelpte han dei som sleit. Men særleg den siste vinteren Erlend levde var tøff. Han blei sjuk, mista «sidesynet» . Det gjekk ut over forholdet til dei næraste, vener, forretningspartarar, og dei tilsette på Vierli. I periodar av livet streva Erlend med alkoholen. Det gjorde noko med sinnet hans.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vintersesongen 2013 blei prega av store avisoppslag i fylkesavisene om interne konfliktar.
– Då han kom litt til seg sjølv att utpå sommaren blei han veldig lei seg. Han sa «eg trudde jo at det var slik – men eg skjønar no at det var feil», fortel Anne Grete.
Men det var ein forsona Erlend som døydde. Han hadde vore tørrlagt dei siste månadene. Og han hadde snakka godt med både ekskona Anne Grete, og med dottera Kristin.
– Han forsona seg med oss, som nok var dei han hadde såra aller mest, seier Anne Grete.
Snakk om det!
Openheit og samtaler er viktig for Anne Grete. Ein skal aldri slutte å snakke om dei døde, meiner ho.
Anne Grete har opplevd det verste ein gong før. Sonen Vegard omkom i ei akeulykke på Vierli då han var 8 år gamal i 2000.
– Eg har aldri slutta å snakke om Vegard heller. Me må ikkje slutte å snakke om dei som er borte. Det treng ikkje vera triste samtalar, me snakkar også mykje om artige episodar, og ler. Men me må ikkje late som dei ikkje har vore der, seier Anne Grete.
Ho kan fort byrje å gråte når ho snakkar om Vegard og Erlend.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men eg vil gjerne uttrykke at det er ok likevel. Det er så bra når folk spør korleis det går, om eg har det greitt – at dei spør på sin måte. Når folk går forbi utan å seie noko er det veldig sårande, sjølv om dei sikkert ikkje meiner noko med det. Det gjer meg godt når nokon bryr seg, seier ho.
Saknet er ein del av livet
Erikstein er imponert over Anne Gretes måte å møte sorga og sambygdingane på.
– De gjorde det; de var opne frå fyrste dag. De hadde bestemt dykk for å ikkje leggje skjul på kva som hadde skjedd. Openheita er ei gåve til dei som møter deg og Kristin. At de snakkar om tapet, om Vegard, om Erlend og om sjølvmordet, seier han.
Framleis kjennest både Vegard og Erlend nære for Anne Grete. Nyare sorgforsking går vekk frå prinsippet om ulike fasar av sorg. For sorga er så samanvevd.
– Sorg er ikkje å prøve å skuve den døde frå seg og gløyme. Sorg er å la saknet vera ein viktig del av det å vera menneske, seier Eilev.
Det er også prinsippet bak pilegrimsvandringa. Ikkje at ein skal gå frå dei som er borte, men at ein skal gå saman med andre som har opplevd det same som ein sjølv. Vandring i mektig natur er terapi for å regulere kjensler. Kanskje legg ein att ei bør eller to på vegen.
– Alt som skjer denne helga går føre seg ute i naturen, mellom menneska. Pilegrimsvandringane har endra korleis eg tenkjer om sorg, seier Eilev.
– Eg har mykje meir tru på dette enn på dei tradisjonelle sorggruppene. Det å samlast og gå saman har vist seg å vera til stor hjelp for mange, seier diakonen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er tøft å setje seg ned og tenkje når ein er åleine, legg Anne Grete til.
Snora og dragen
Kvar einaste dag i vinter har Anne Grete vore på Vierli. Det har aldri vore noko alternativ å setje seg til.
– Det er dette Kristin skal overta og drive ein dag. Og når ikkje far hennar er her for å hjelpe, så vil eg bidra med det eg kan, seier Anne Grete.
Eilev ymtar frampå at det nok er ho som har vore motoren i familien, den som har fått alt til å svive. Anne Grete smiler.
– Det var nok litt som du skildra oss ein gong, Eilev – at Erlend var dragen som flaug i vinden, og eg stod på bakken og heldt att i snora.
No er det Kristin og Anne Grete som skal føre Vierli vidare inn i framtida. Utan Erlend.
– Kanskje må me drive på ein annan måte. For ingen er som Erlend. Men det skò nòk gange bra, seier Anne Grete.
«Vandring for forandring»
550 menneske i Noreg vel å avslutte livet kvart år. Blant unge menn er sjølvmord den hyppigaste dødsårsaken.
I år blir det for tredje gong arrangert pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord. Vandringa skjer helga 5.–7. september, og går frå Haukeliseter til Røldal, med overnatting på Haukeliseter båe nettene. Arrangørar er RVTS Sør (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging), Kyrkja ved prostidiakonen i Vest-Telemark og Leve (foreining for etterlatne etter sjølvmord).
– Det spelar inga rolle om det er ein månad eller 25 år sidan ein mista nokon. Kjenslene rundt sjølvmord er kompliserte, seier prostidiakon Eilev Erikstein.
Fyrste året var det singeltreff på Haukeliseter same helg som pilegrimsvandringa for etterlatne etter sjølvmord. Eilev og dei andre arrangørane hamna dermed i ein noko absurd situasjon då dei stod ved inngangen til fjellhytta og skulle prøve å sile ut kven som var på jakt etter kjærleiken og kven som var etterlaten etter sjølvmord.
– Det illustrerer godt det vanskelege med at ein ikkje ser det utanpå eit menneske kva ho ber på, seier Eilev.
Vandringa skjer i vakre omgjevnader. Fyrst frå Haukeliseter til Svandalsflona, og til Røldal neste dag. Turen går i lett terreng, og ein treng slett ikkje vera supersprek.
Båe overnattingane er på Haukeliseter, og ein blir frakta dit etter laurdagsetappen. Ein liten tursekk med nyste er det ein treng å bera på – fysisk. Så kan ein kanskje leggje av seg undervegs mykje av børa som ikkje er av den fysiske sorten.