Eit klart råd til politikarane

Seljordingane som har svara på undersøkinga Norfakta har utført på vegne av Vest-Telemark blad er klare i sitt råd til politikarane. 3 av 4 spurde konkluderer med at kommunen anten bør halde fram åleine som i dag, eller slå seg saman med naboen i Kviteseid.

14 prosent meiner ein storkommune saman med Notodden, Hjartdal og Sauherad er det beste alternativet. Og nokre få meiner alternativet som i praksis ikkje lenger er noko alternativ – med Kviteseid og Nissedal – er mest framtidsretta.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Seljord-politikarane må det vera gledeleg å sjå at innbyggjarane bryr seg om framtida. Det er ikkje likesæle til kven Seljord eventuelt slår seg saman med. Berre 5 personar (2 prosent) av dei 290 spurde svara at dei ikkje bryr seg.

Ein skulle kanskje tru det var dei eldste som var mest konservative. At alt var betre før, og at ein i Seljord bør ha det slik det alltid har vore. Men undersøkinga konkluderer med at det er dei unge som er mest skeptiske til at Seljord skal bli del av noko større. Aldersgruppa under 30 er den einaste med fleirtal for at kommunegrensene rundt Seljord blir som dei er i dag. I alle dei andre gruppene er det fleirtal for nye grenser, dersom ein set åleine-alternativet opp mot dei tre samanslåingsalternativa.

Kanskje er dei unge meir kritiske til «makta» og ynskjer klarare svar om konkrete fordelar med ein større kommune. For mange er identiteten til heimplassen sterkare enn argumenta om å bli meir «robuste».

At dei i alderen 30 til 59 år er mest opne for kommunesamanslåing, kan også henge saman med tilflytting og mindre identitet til Seljord som heimplass.

Alternativet med Kviteseid og Nissedal har frå utsida vore eit litt underleg alternativ med Kviteseid som lim i båe retningar, men med få fellesnemnarar mellom Seljord og Nissedal. I storkommune-alternativet i aust vil Seljord lett bli slukt av eit sterkt sentrum i Notodden. Det blir langt til mykje, og Seljord blir ein utkant. Også språkleg og kulturelt er det noko som skurrar med dette alternativet.

Eit alternativ som burde vore på bordet er Seljord saman med Kviteseid og Hjartdal. Eit alternativ som er endå meir naturleg når tunnelen mellom Århus og Gvammen står klar. I eit slik alternativ ville også seljordingane bli det naturlege midtpunktet – utan å måtte argumentere for mykje for å sikre kommunesenteret. Lifjell-samarbeidet hadde hatt ein større verdi om Bø hadde vore ein del av det – som Børre Karterudseter kommenterte i ei ytring laurdag: «Kva er Lifjell utan Bø?».

Av alternativa som faktisk ligg på bordet i dag er rådet frå innbyggjarane til Seljord-politikarane uansett klart: Gå for Kviteseid, eller la grensene vera som dei er.