Ekstrautgift på ein million – sparar tre millionar

Då Fyresdal kommunestyre sa ja til tilbygg og rehabilitering av barnehagen, gjekk ein for varmepumpe med vasstilførsel frå Fyresvatn. Ein skulle leggje opp til at anlegget kunne forsyne meir enn barnehagen.

Forhandskalkyla frå Sweco Norge AS var på ein million kroner for anlegget. Då tilboda kom inn viste summen seg å bli nesten dobbel så stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formannskapet har brukt hasteparagrafen i kommunelova for å gje ei tilleggsløyving på ein million kroner til anlegget. Pengane er henta frå tomte- og bustadutviklingsprosjektet.

Energikjelde i barnehageprosjektet blei ført opp med 700 000 kroner i finansieringsplanen. I ettertid har ein henta 300 000 kroner frå ein disponibel post i prosjektet for å totalfinansiere varmepumpeanlegget.

Det nye anlegget er dimensjonert for at også skulen, helsehuset, samfunnshuset, kommunehuset, badebassenget og eventuell fleirbrukshall kan kople seg på. Om ein legg saman byggje- og anleggskostnader for eventuelle framtidige nybygg og rehabilitering, kan kommunen ha spart om lag tre millionar kroner ved at formannskapet sa ja til ein ekstra million til vasspumpeanlegget.

Om kommunehuset blir flytta til næringshagen, kan kommunen selje vasstilførsel til heile bygget frå anlegget det blir investert i, for i fyrste omgang byggjeprosjektet i barnehagen.

Det er lovpålagt at ein må ha alternativ energikjelde i nybygg og rehabilitering av kommunale tenestebygg.