Elin har gjeve hjartet sitt til Nepal
Tenk deg at du er åtte år gamal når foreldra dine smuglar deg over grensa til India for å selje deg til eit bordell.
Eller at far din tek imot heile lastebilar med menn som ein etter ein kjem inn på rommet ditt for å ha sex med den ti år gamle kroppen din. Tenk deg at du føder eit barn som du må legge frå deg under ei bru eller selje til dei som misbrukar spedbarn seksuelt.
For mange jenter frå Badifolket i Nepal er dette ikkje berre eit mareritt. Det er forferdeleg verkeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Menneske utan rettar
Møtet med småjentene som er selt som sexslavar i Nepal gjorde Elin Sevre endå sterkare i trua på at ho valde rett yrkesveg. Ein månad etter at ho kom heim ramma jordskjelvet jentene hennar.
Elin er oppvaksen i Øyfjell. No bur ho i Porsgrunn, og har hjartet sitt i Nepal. Som noregskontakt for den svenske organisasjonen LoveNepal har ho fått eit stadig større innblikk i kor ekstreme skilnader det er mellom å leve eit norsk A4-familieliv i Grenland kontra det å vekse opp i eit av verdas fattigaste land og leve aller nedst på rangstigen.
For det er det Badifolket gjer, fortel Elin. Dei er såkalla kastelause. Sjølv om kastesystemet er avvikla på papiret, lever det i beste velgåande mange stader.
– Ein hund blir behandla med meir respekt enn ein kastelaus. Badifolket blir sett på som skitne, folk vaskar seg når dei har kome borti ein badi. Dei har ingen rettar. Kulturen er slik at jentene blir fødd til eit liv i prostitusjon, fortel Elin.
LoveNepal arbeider for å gje desse ein sjanse til å kunne leve eit liv utan vald og overgrep. Dei har oppretta sju barneheimar for jenter, ein guteheim, ein spedbarnsheim, ein skule og ein kvinneheim for eldre jenter som har levd heile livet i prostitusjon.
Frivillig arbeid
Då Elin blei spurd om å vera noregskontakt for LoveNepal, visste ho at det var dette ho ville. Det er ingen pengar å hente i jobben som ho har tre dagar i veka, men ho og mannen blei samde om at familien deira klarer seg på hans løn. Dette var for viktig til å ikkje gjera.
For å bli kjent med barna, ungdomane og arbeidet reiste Elin nyleg til Nepal. Der besøkte ho mange av barneheimane, og skjebnane festa seg med ein gong til hjartet hennar.
– Eg var spent på kva som ville møte meg. For korleis kjem eit menneske seg gjennom noko slikt?
Artikkelen held fram under annonsen.
Då ho kom dit, blei ho møtt av jenter som kom løpande med opne armar. Dei smilte til henne. Var glade for å ha kome seg ut, sjølv om minna og traumene aldri forsvinn.
– Eg er ikkje glad i å reise. Men då denne reisa var over, ville eg vera der lenger. Det er rart at ein kan bli så glad i menneske ein så vidt har møtt, seier Elin.
Då jordskjelvet kom
Ein månad etter at ho kom heim til trygge Porsgrunn, mann og to barn, råka katastrofen området ho nettopp hadde forlate. Det fyrste jordskjelvet rista i bygningane. Etterskjelva gav store skadar på fem av bygningane. Skulen rasa saman. Når eit murhus fyrst rasar, går alt i grus.
LoveNepal-barna kom seg ut. Dei flytta inn i telt på opne plassar. Fysisk uskadde, men traumer og flashbacks frå vonde ting i livet dukkar opp i små hovud når katastrofen råkar og den skjøre tryggleiken på ny forsvinn.
Heime sat Elin og gret og gret. Samtidig som hovudet var tåkete, forstod ho at det no er viktigare enn nokon gong å arbeide for at tryggleiken blir gjenoppretta for barna. Ein telefon frå pinsemenigheita ho er oppvaksen i i Øyfjell gjorde godt. Dei ville gje 30 000 til LoveNepal-barna.
– Folket der nede er eit av verdas fattigaste. Dei har ikkje kapasitet til å handtere ei krise som denne. Det er berre vondt, seier Elin.
No er ho endå meir sikker på at valet om å arbeide frivillig for å byggje opp organisasjonen i Noreg var rett. Så den 31 år gamle tobarnsmora brettar opp ermene, klar for innsats.
Artikkelen held fram under annonsen.
LoveNepal
– Ideell organisasjon stifta av svenske Michael Alfvén, som har tilknyting til pinserørsla. Driv fleire barneheimar og ein skule for Badifolket i Nepal. Ein reknar med at 75 prosent av jentene blir utsette for prostitiusjon og vald frå dei er små. Så langt har LoveNepal tatt hand om 700 barn og unge.
– I dag har organisasjonen eit noregskontor i Porsgrunn, som Elin Sevre har ansvaret for. Ho og dei fleste andre i den skandinaviske delen av organisasjonen arbeider frivillig for LoveNepal.
lovenepal.se