Endeleg kom bortesigeren
Eitt år og åtte månadar har gått sidan A-laget til Seljord sist vann ein bortekamp. Det skriv klubben sjølv på Facebook. I 2013 blei Vold slått 5-1. Tysdag blei det 5-3 mot botnlaget Bamble. Fleire sentrale Seljord-spelarar mangla til kampen, men unggutane tok ansvar. Til pause leia Seljord 4-0. Joachim Grøstad og Oscar Kåsa Dehli skåra to mål kvar og Tommy Sandsdalen skåra eitt.
Seljord er nummer åtte med ni poeng etter dei åtte fyrste kampane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neste kamp er heime mot Urædd 2 tysdag, laget som ligg på plassen føre Bamble.