– Enormt press årsak til sjukemeldingar
Naudrop frå Seljord sosialkontor:
Ein stadig auke i talet på klientsaker gjer at Seljord sosialkontor står framfor ei alvorleg krise. – Ei lang rekke sjukemeldingar dei siste åra kan skrivast tilbake til det enorme arbeidspresset. Dei tilsette er plaga av kroniske sjukdomar som hovudverk, søvnproblem og muskelsmerter. Sosialsjefen åleine hadde 200 overtidstimer dei ni fyrste månadene f fjor, seier sosialsjef Nils-Petter Karlsson til VTB.