Er idrettsfolk i Seljord tette i øyro?
Lesarbrev:
Laurdag 23.mai var eg på toppen av Bjørgefjøllet for å nyte fjellets fred og ro. Men kva skjer? Jau, det er idrettsstemne i Seljord, og høgtalaranlegget er så godt at ein høyrer kvart bidige ord som blir sagt over store delar av Seljord og i alle fall på fjelltoppane. Det måtte då ha vore ideelt for soknepresten å få låne dette «svære» høgtalaranlegget og montera på kyrkja til neste høgmesse. Då måtte alle seljordingane ha høyrt på messa anten dei ville eller ikkje. Men frå spøk til revolver: Ved neste idrettsstemne bør idrettslaget sjå om dei ikkje kan finne volumknappen ein eller annan stad, slik at ein fær redusera spetakkelet. Elles må eg kaupe meg ein revolver og skjote ned heile det «svære» høgtalaranlegget! Helsing kar med god