Er kommunesamanslåing samfunnstenleg og framtidsretta?

Kommunestrukturperspektiv:

Regjeringspartia Høgre og Frp saman med støttepartia KrF og Venstre, og til og med Ap si stortingsgruppe ser ikkje ut til å ha folket med seg i iveren etter å reformere Kommune-Noreg.

Derimot synest Sp, SV og MDG å vera meir på line med folkeviljen i denne viktige saka, som vil ha store verknader på ein godt innarbeidd kommunestruktur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så til intensjonsavtala om å slå saman Kviteseid og Seljord til ein kommune:

– Avtala er for lite informativ som beslutningsgrunnlag.

– Kviteseid kommune kjem ikkje godt nok ut med den avtala som ligg føre.

– Intensjonen med kommunereforma blir ikkje innfridd ved å slå saman to relativt små kommunar til ein noko større, men framleis liten kommune med omsyn til folketal, ut frå reformas føresetnader.

Sonderingane og samtalene om å samle alle seks vest-telemarkkommunane til ein stor kommune, var derimot i tråd med intensjonen i reforma. Konsekvensen av at dette diverre ikkje lukkast, er at kommunestrukturen i Vest-Telemarkregionen held fram som før, noko fire av kommunane har teke til følgje.

Da vil utvida regionalt samarbeid vera naudsynt og viktig, og da etter ein modell som gjev eit samarbeid i større grad tufta på demokratiske prinsipp.

Dessutan må viktige og lovpålagte kommunale eller interkommunale samfunnsfunksjonar, service og tenester byggjast opp etter ein sterkt desentralisert struktur innan eit relativt stort geografisk område.

Føremonene er at Vest-Telemark langt på veg har ein eins indentitet og kulturfellesskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringas overordna mål med kommunereforma kan ein stille spørsmål ved:

– Blir tenestene til innbyggjarane meir likeverdige i ein stor kommune i høve til ein mindre?

– Blir samfunnsutviklinga meir heilskapeleg og samordna i ein større kommune?

– Blir ein større kommune meir berekraftig og «robust» enn ein mindre kommune?

– Blir lokaldemokratiet styrka ved å slå saman kommunar?

– Blir styringa av større kommunar meir effektiv enn i mindre kommunar?

Intensjonsavtala mellom Seljord og Kviteseid handlar mest om plasseringa, organiseringa og fordelinga av dei administrative og tenesteytande funksjonane i dei nåverande to kommunane, samt politisk leiarstab.

Når hovudtyngda av dei tunge og leiande funksjonane blir lokaliserte til Seljord, vil Kviteseid ut frå dette kome dårleg ut, ikkje minst i eit framtidsperspektiv. Kfr. erfaringar frå andre kommunar der samanslåing har blitt gjennomført, t.d. kva sit Rauland att med av slike tilbod, bortsett frå privat initiert turisme, etter at kommunane Rauland og Vinje blei slegne saman til ein kommune. Eller kva sit lokalsamfunna Lårdal og Mo att med etter me fekk Tokke kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunal drift og samfunnstenester handlar om meir enn resultatet av administrativt og politisk arbeid. Det handlar også om samspel med dei friviljuge og ideelle tilboda som fins rundt i alle lokalmiljø, og som betyr mykje for innbyggjarane gjennom trivselsfremjande og identitetsskapande tilbod og tiltak.

Dette nettverket av ulike organisasjonar med eit mangfald av føremål og tilbod innan kvar kommune vil lett kunne bli utfordra, bli sentralisert eller smuldre bort når det skal sameinast i ein større kommune, som resultat av at to kommunar med godt utvikla friviljuge tenestetilbod blir slegne saman.

Det langsiktige økonomiske perspektivet kjem lite eller ikkje fram i intensjonsavtala, men er heilt avgjerande for framtidas handlingsrom i ein ev. ny kommune.

I tillegg kjem nærleiken og tilgjenge til dei kommunale tenestene inn som ein uheldig sentraliserande faktor. Det er langt frå Skreosen/Vråliosen til Seljord og enda lengre frå Åmotsdal og Langlim til Kviteseid.

På sikt vil ikkje denne nye kommunen finne det føremålstenleg med to kommunehus og to «kommunesenter», slik intensjonen er. All erfaring syner at ein slik modell neppe får eit langt liv.

Nye interne «kampar» med dette som bakteppe vil fort kunne melde seg, og lett bli «rusk i maskineriet» i Vest-Telemarksamarbeidet.

Samanslåinga støttar dessutan ikkje opp om desentralisert busetnadsstruktur og levande bygder og lokalmiljø, noko som er førande i dei nåverande kommunane sine strategiske handlings- og samfunnsplanar.

Jon Ingebretsen

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne i Kviteseid