Er Raulandsalternativet det «desidert beste» for Vest-Telemark?

Viser til innlegg i VTB torsdag der 6 sterke Vegforum-karar prøvar å ta ein skarve Høysekk fordi han vågar å pirke i «faktum i saka». Her kjem ein replikk:

Eg bygde mine kommentarar i det førre innlegget på det som gong på gong har kome fram i media frå sentrale aktørar i Vegforumet dei siste 10 åra og på info frå organisasjonens heimesider. Kan ikkje sjå at dei påviser nokon konkrete feil i den informasjonen eg la fram i så måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så til samfunnsnytten og alle milliardane. Desse berekningane kjenner ikkje eg i detalj, men alle slike ting bygger på ein matematisk modell, dvs formlar sett i system. I slike modellar blir det lagt inn verdiar på ymse parametrar så som byggekost, vedlikehald, trafikkmengde, reisetid, verdi av reisetid, rentefot for kapitalisering og sikkert mange, mange andre faktorar. Modellen kan skruvast saman og parametrane velgast på mange måtar. Difor er svaret frå modellen aldri fasit, men kan gje ein peikepinn. Modellen kan sjølvsagt heller ikkje ta omsyn til faktorar som ikkje er innebygd i modellen, som til dømes kulturlandskapet i Hjartdal, Svartdal og Åmotsdal, rasproblematikken ved Lognvikvatnet eller urørt natur over Kostveitheii. Dei omsyna må ein ta gjennom KVU.

Eg forstår det slik at det som særleg styrer nytten i modellen til Vegvesenet er nåverdien av produktet SRT*TV*ÅDT, der SRT er spart reisetid, TV er tidas verdi i kroner og ÅDT er årsdøgntrafikk (eit mål på trafikkmengde). Her er det vel slik at TV må reknast som lik i båe alternativa og ein sit att med å sjå på produktet SRT*ÅDT. Det er slik i aktuell modell at når SRT aukar vil fleire velje E134 i staden for dei andre alternativa.

Derfor er ÅDT ein funksjon av SRT i dette tilfellet, dvs at ÅDT aukar når SRT aukar. Denne eksponentsialeffekten gjer modellen ekstremt følsom for storleiken på SRT, og det er difor heilt avgjerande at inputverdien for SRT i modellen er mest mogeleg korrekt. Det var bakgrunnen for at eg i mitt førre innlegg prøva å vise at SRT ikkje treng bli meir enn 13 minutt ved optimalisering av Seljordsalternativet. Tek ein omsyn til færre dagar med vinterføre kan skilnaden i praksis bli endå mindre. Det er dette som er det «nye momentet» i saka. Eg kan godt skjønne at dette provoserar Vegforumet, sidan det rokkar ved fundamentet for argumentasjon for Raulandsalternativet.

Til slutt kjem dei, slik eg les det, med ein indirekte trussel om at viss ikkje alle som meiner noko anna enn Vegforumet no tier seg, så fell grunnlaget for E134 som stamveg vekk. Det blir for dumt. Det er vedteke å lage KVU av båe alternativa; rett nok mot Vegforumets ynskje. Det arbeidet pågår no og det er då sjølvsagt at det er no ein må koma fram med alle plussar og minusar ved alternativa.

Ketil Kvaale, Høydalsmo