Fann ikkje bilen
Politiet rykte ut då dei fekk melding om ei trafikkulykke på Rv41 mellom Vrådal og Kviteseid natt til laurdag. Alarmknappen i ein bil var utløyst, og politiet fekk meldinga frå ein alarmsentral i utlandet. To personar skulle vera involvert i ulykka. Det blei rekvirert politihelikopter då politiet ikkje klara å lokalisere bilen, men etter ei tid blei søket avslutta utan funn. Laurdag føremiddag fekk politiet opplyst frå BMW at ei kvinne hadde ringt og sagt at det ikkje var behov for hjelp.