Får frådele fallrettar og kraftverk
Nissedal formannskap stør rådmannen i å godkjenne at fallrettane, rett til å byggje og drive kraftverk og mikrokraftverket med tomt blir delt frå to driftseiningar på Trontveit.
Jan Aarak eig Trontveit søndre og Gro, Knut og Øystein Wærstad eig Trontveit øvre. Dei fire har søkt om å dele frå fall- og bruksrettane knytt til kraftproduksjon, og at ein kan byggje nytt kraftverk på eigedomane. Vidare har eigartrioen søkt om å dele frå eksisterande mikrokraftverk med tomt. Kjøpar er Vest-Telemark kraftlag (VTK). Salssummen for rettane og fast eigedom er avtala til to millionar kroner og 200 000 kroner for lausøre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søkjarane har opplyst at vedlikehaldet av det eksisterande kraftverket kan bli kostbart på grunn av alderen og kvaliteten på anlegget. Dei meiner avtala dei har fått med VTK om eingongsutbetaling ved sal, er einaste sjansen for å få utbyte av fallrettane.
«Ideelt sett hadde det på lang sikt vore betre for eigedomane om fallrettane gav varig inntekt som årleg utbyte av kraftproduksjonen, men me har ikkje grunnlag for å hevde at det vil vere mogleg å få til», skriv sakshandsamar Peter Rieber-Mohn.
I same politiske møte fekk VTK konsesjon på fallrettane i Trontveitåi på dei to eigedomane, og på kraftverket.