Får ikkje bruksendring
Eit samrøystes Nissedal formannskap har sagt nei til bruksendring frå heilårsbustad til fritidsbustad på eigedomen Moberg.
Det er Stephanie A. Perry som eig huset like ved riksveg 41 i Haugsjåsund. Eigedomen har fast busetjing, og delar av huset er leigd ut til mor til søkjaren. I søknaden blir det opplyst at huset ikkje tilfredsstiller dagens krav til heilårsbustad. Særleg vatn og fukt i kjellaren på grunn av høgt grunnvatn og manglande drenering gjer ei oppgradering kostbar og ikkje forsvarleg. Vidare meiner søkjar at eit eventuelt sal som heilårsbustad ikkje vil kunne gje igjen det som må leggast ned for å få bygget i tilfredsstillande bustandard.
Artikkelen held fram under annonsen.
To tilgrensande naboar er varsla og har sagt ja til bruksendringa.
I saksutgreiinga minner plansjef Sveinung Seljås om at kommunen har lagt til grunn ei streng tolking av årsaker som kan gje bruksendring. I hovudsak er det spørsmålet om staden og området er eigna for fast busetjing som er det avgjerande, ikkje hustilstanden eller den aktuelle situasjonen søkjar er i.
Seljås har elles informert søkjar om at huset kan til dømes overførast til sysken av eigar utan at buplikt oppstår. Det er ved eit eventuelt sal til personar utanom nær slekt bupliktkravet etter 0-konsesjonsgrensa slår inn for heilårsbustader.
«Eit alternativ dersom det er aktuelt å selje til andre enn slekt, er å la ny eigar søkje konsesjon på eigedomen som fritidsbustad. Då vil problemstillinga bli tatt opp etter det lovverket som også heimlar 0-konsesjonsforskrifta og føremålet vurdert i ei konkret sak. Ei bruksendring er meir eit spørsmål om byggtekniske vilkår er oppfylte eller kan oppfyllast, og ikkje meint å kunne overstyre vurderingane etter konsesjonslova», skriv Seljås.