Feiring ved Totaks breidd

Tog med korps, ny flaggstong, og suppa til Valborg. Tre suksessfaktorar for 17. mai-feiringa i Arabygdi.

Tog:Jon Olav Hauge leia festtoget i Arabygdi, med god hjelp av Haukeli Edland musikkorps.

Sterk trommetrio:7 år gamle Jakob B. Nilsen (midten) øva saman med korpset fyrste gong fem dagar før 17. mai, og imponerte både musikantar og tog-gjengarar stort med trommetalentet sitt. Så har han også litt å slekte på: Faren Jon Inge (Jango) Nilsen (t.v.) er profesjonell trommeslagar. Tredjemann Halvor Edland har også spela sidan han var liten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Langt der borte skin soli på Vehuskjeringi. Enno har ho ikkje nådd den vesle bygda ved Totaks strender, men det er likevel god stemning der folk stimlar saman nede ved vegen for å ta imot Haukeli Edland musikkorps. Dei kjem rett frå toget og pylseeting i Grungedal. No står neste tog og neste rett på nasjonaldagsmenyen, suppa til Valborg Nylend, for tur.

- Om suppa er god? Ho er nydeleg. Berre spør korpset, seier ei av dei frammøtte.

Oppe ved skulen vaiar flagget frå den nye flaggstonga, ei som ikkje lenger skulle stå ved Rauland skule, og som bygdefolk i Arabygdi då spurte om å få. Dugnadsanda er sterk i den vesle bygda, og dei kunne ikkje vera kjente med ei gamal og ròten flaggstong.

Jon Olav Hauge leia festtoget i Arabygdi, med god hjelp av Haukeli Edland musikkorps.
Jon Olav Hauge leia festtoget i Arabygdi, med god hjelp av Haukeli Edland musikkorps.
Faren Jon Inge (Jango) Nilsen (t.v.) er profesjonell trommeslagar. Tredjemann Halvor Edland har også spela sidan han var liten.
Faren Jon Inge (Jango) Nilsen (t.v.) er profesjonell trommeslagar. Tredjemann Halvor Edland har også spela sidan han var liten.
Valborg Nylend kokar suppe til heile Arabygdi til 17. mai.
Valborg Nylend kokar suppe til heile Arabygdi til 17. mai.
Solveig Åsheim Ringhus er ikkje gamle jenta, og syntest det var litt skummelt i toget.
Solveig Åsheim Ringhus er ikkje gamle jenta, og syntest det var litt skummelt i toget.
Godt innøvd nasjonalsong, og kvar og ein laga eigne flagg.
Godt innøvd nasjonalsong, og kvar og ein laga eigne flagg.
Byrte oppvekstsenter stilte med eige korps i 17. mai-toget.
Byrte oppvekstsenter stilte med eige korps i 17. mai-toget.
«Gullungane til tante», skriv Heidi Årlid om desse to. Gullungane bur på Nordigard Bjørge i Seljord.
«Gullungane til tante», skriv Heidi Årlid om desse to. Gullungane bur på Nordigard Bjørge i Seljord.
Flott feiring med vel 100 gjester på Fjone skule. Ei feiring med det store jubileet som tema. Tor Valle hadde tale for dagen, skuleungane underheldt, og det var leikar for store og små. I mangel av hornmusikk var det eit dugeleg stereoanlegg ein russebil verdig som var fremst i toget. For høvet blei det transportert i sykkelvogn med pedalkraft av Steinar Kleivane (6. klasse). Doningen vart døypt til «lydoped».

Maiken og Martin Betten feira 17. mai i Høydalsmo.
Maiken og Martin Betten feira 17. mai i Høydalsmo.
Russen var med då lensmann Bjørn Håvard Olsen ved Kviteseid lensmannskontor leia 17.mai-toget gjennom Kviteseidbyen.
Russen var med då lensmann Bjørn Håvard Olsen ved Kviteseid lensmannskontor leia 17.mai-toget gjennom Kviteseidbyen.
Toget i Treungen.
Toget i Treungen.
6. klasse ved Gimle skule underheldt med song, dans og drama på 17. mai i Fyresdal. Tema var livet og tankane til Henrik Wergeland. Knut Nærum heldt 17. mai-talen i bygda. Den var både humoristisk og til ettertanke. Nærum tok utgangspunkt i det fyrste verset av «Ja, vi elsker». Han drøfta kvar line i nasjonalsongen.

Eit glimt frå 17. mai-feiringa i Seljord.
Eit glimt frå 17. mai-feiringa i Seljord.
Dette bildet av 17. maitoget i Åmot er det Kristine Våle som har sendt oss.
Dette bildet av 17. maitoget i Åmot er det Kristine Våle som har sendt oss.
Rune Hana og Cecilie Nesheim frå Vinje feira på toppen av Vehuskjeringi. Dei melder at det ville vore ein fordel med høge sko, sidan snøen framleis ligg mange stader.
Rune Hana og Cecilie Nesheim frå Vinje feira på toppen av Vehuskjeringi. Dei melder at det ville vore ein fordel med høge sko, sidan snøen framleis ligg mange stader.
Bjørn Spockeli (nr. 2 f.h.) frå Fyresdal gratulerte med dagen frå Achen.
Bjørn Spockeli (nr. 2 f.h.) frå Fyresdal gratulerte med dagen frå Achen.
Hos Tora Veslestaul i Øyfjell var det meir kvitt enn grønt på bakken 17. mai.
Hos Tora Veslestaul i Øyfjell var det meir kvitt enn grønt på bakken 17. mai.

Liten allsongfaktor

Toget går frå skulen til kraftverket og tilbake. Utanfor skulen stiller korpset seg opp for å spele litt meir før den berømte suppa.

- No skal me ta den nye jubileumssongen, «Det går et festtog gjennom landet». Vil de synge, spør Hans V. Nesheim. Ingen svarar. - Nei, det trur eg ikkje me tek på oss, seier leiar i festkomiteen til slutt, og flirer litt.

Dei har ikkje øva så på den. Så i staden for å spela alle tre versa, held det med eitt, bestemmer korpset seg for.

Suppe i 20 år

Etter «Ja vi elsker» togar alle inn i grendehuset. Der er det dekt med ljos og serviettar, og dufta av suppa til Valborg ligg over heile lokalet - slik ho har gjort i minst 20 år.

- Eg har som regel med meg nokon til å karve kjøt, då, seier Valborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er ho som er kokken, og ingen i Arabygdi vil ha det annleis.

Ved korpsbordet går suppa ned på høgkant, sjølv om det berre er litt over ein time sidan pylsene i Grungedal, og heller ikkje lenge til dei skal til Edland og eta graut. Ja, og spela, då. Åse Veslestaul Hagen er formann i korpset med ni faste medlemmar. For henne finst det ikkje alternative aktivitetar på nasjonaldagen:

- Det er utenkjeleg for meg å gjera noko anna enn å spela 17. mai. Det er berre slik det skal vera.

Suppekokaren:Valborg Nylend kokar suppe til heile Arabygdi til 17. mai.

Liten og søt:Solveig Åsheim Ringhus er ikkje gamle jenta, og syntest det var litt skummelt i toget.

17.mai Brunkeberg barnehage:Godt innøvd nasjonalsong, og kvar og ein laga eigne flagg.

17. mai i Byrte:Byrte oppvekstsenter stilte med eige korps i 17. mai-toget. (Foto: Margrethe Lindestad)

I finstasen:«Gullungane til tante», skriv Heidi Årlid om desse to. Gullungane bur på Nordigard Bjørge i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

17. mai på Fjone:Flott feiring med vel 100 gjester på Fjone skule. Ei feiring med det store jubileet som tema. Tor Valle hadde tale for dagen, skuleungane underheldt, og det var leikar for store og små. I mangel av hornmusikk var det eit dugeleg stereoanlegg ein russebil verdig som var fremst i toget. For høvet blei det transportert i sykkelvogn med pedalkraft av Steinar Kleivane (6. klasse). Doningen vart døypt til «lydoped». (Foto: Laila Heimdal)

17. mai i Høydalsmo:Maiken og Martin Betten feira 17. mai i Høydalsmo. (Foto: Kjersti Aase)

17. mai i Kviteseid:Russen var med då lensmann Bjørn Håvard Olsen ved Kviteseid lensmannskontor leia 17.mai-toget gjennom Kviteseidbyen. (Foto: Marcel Scharnewski)

17. mai i Treungen:Toget i Treungen. (Foto: Geir Ufs)

17. mai i Fyresdal:6. klasse ved Gimle skule underheldt med song, dans og drama på 17. mai i Fyresdal. Tema var livet og tankane til Henrik Wergeland. Knut Nærum heldt 17. mai-talen i bygda. Den var både humoristisk og til ettertanke. Nærum tok utgangspunkt i det fyrste verset av «Ja, vi elsker». Han drøfta kvar line i nasjonalsongen. (Foto: Liv B. Kiland)

Underhaldning undervegs:Eit glimt frå 17. mai-feiringa i Seljord. (Foto: Bjørg Myrene)

På banen:Dette bildet av 17. maitoget i Åmot er det Kristine Våle som har sendt oss.

Fjellfeiring:Rune Hana og Cecilie Nesheim frå Vinje feira på toppen av Vehuskjeringi. Dei melder at det ville vore ein fordel med høge sko, sidan snøen framleis ligg mange stader.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Tyskland:Bjørn Spockeli (nr. 2 f.h.) frå Fyresdal gratulerte med dagen frå Achen.

Sein vår:Hos Tora Veslestaul i Øyfjell var det meir kvitt enn grønt på bakken 17. mai.