Mona Skafså, Lita Sandsdalen, Bjørg Abusland, Åshild Gjevre, Åsne Omtveit, Bård Brekke, Torleiv Berdal, Tjøstolv Kvålen, Elin Erikstein, Wenche Sveinson, Sissel Fundli og Jan Frode Pedersen har kome til toppen av dei lange bakkane frå Edland opp på Haukeliheie den andre dagen av vandringa. Mange er også med som dagsvandrarar, og totalt deltok 138 personar i løpet av dei dagane vandringa varte i år. Neste år blir tiande gong med «Å vandre med håp», 21.–25. august 2017.
Mona Skafså, Lita Sandsdalen, Bjørg Abusland, Åshild Gjevre, Åsne Omtveit, Bård Brekke, Torleiv Berdal, Tjøstolv Kvålen, Elin Erikstein, Wenche Sveinson, Sissel Fundli og Jan Frode Pedersen har kome til toppen av dei lange bakkane frå Edland opp på Haukeliheie den andre dagen av vandringa. Mange er også med som dagsvandrarar, og totalt deltok 138 personar i løpet av dei dagane vandringa varte i år. Neste år blir tiande gong med «Å vandre med håp», 21.–25. august 2017.

«Fint å koma til fjells. Saman om å leve.»

Å gå i lag gjer godt for både kroppen og hovudet – ikkje minst når ein ber ekstra tunge bører. Me blei med på pilegrimsvandringa «Å vandre med håp».

– Ser de dei kraftlinene der oppe?

Kjentmann Tjøstolv Kvålen står ved Edland skule og peikar opp mot Haukeliheie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal me heilt opp dit, svarar ein av vandrarane, med litt uro i stemma. Tysdagsetappen er kjent som den hardaste. Det er det mange som seier, fortel ein annan lågt.

– Ja, det skal me, svarar Tjøstolv.

– Og så må me kvile ein del. Det er noko eg er god på, legg han til. Det er ikkje lenge sidan han dekte heile framsida av Vest-Telemark blad då han «tok ein Tjøstolv», som vil seie å legge seg strakt ut i lyngen – og kople ut. Ikkje berre hovudet, men heile skrotten. Liggje der midt i naturen og berre vera. Bli klar for å gå vidare.

( …)

men det er dagen som ventar

med sekken på.

Og dit han har tenkt seg er det fint og gå

Eg skal ut i det fri,  

Artikkelen held fram under annonsen.

vera gauken i li,

vera bjønnen som vaknar i bjørnehi,

vera sol vera regn,

vera fuglen under sky,

vera alt som denne dagen kan by.

(Odd Nordstoga: «Vandringsvise»)

Det er andre dagen i «Å vandre med håp». På under ei veke skal vandrarane skal gå heilt frå Grunge kyrkje til Røldal, eller ein kan bli med på delar av turen. Alle skal med, om dei vil gå stutt eller langt. Den seks mil lange vandringa er eit samarbeid mellom psykisk helse i alle dei seks Vest-Telemark-kommunane, prostidiakonen og Kvito.

– Rollene blir viska ut når me går. Om du er lege eller uføretrygda spelar inga rolle, seier Sissel Fundli, som er psykiatrisk sjukepleiar i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både ho og eg har nettopp fått kvar vår smågodtbit frå ein kjempestor pose som ein av medvandrarane våre har med. Smågodtposen går rundt fleire gonger, og så går turen vidare oppover.

Dagen før starta med med kyrkjekaffi og seigmenn i kyrkja, før vandrarane tok til på fyrste etappe mot Edland. Utover veka skal fleire koma til. I dag, tysdag 23. august, er dei tolv som skal gå den litt krevjande etappen opp frå Haukeli og heilt over til Haukelifjell skisenter i Vågslid, der dei får losji.

– Mange får seg ei overrasking når dei erfarer kor mykje meir dei klarer, enn det dei kanskje trudde. Ein opplever mestring og får tillit til eigen kropp og korleis den fungerer, seier Sissel.

Det er berre å ta beina fatt. Å koma seg over heia tek den tida det tek. Og Tjøstolv har mange historier å fortelje på vegen. Om folka som har budd her, om Storegut, om Haugekongen som får øl på joleftan. Alle har god tid til å lytte.

Og jeg har ingen almanakk

og ingen klokke -nei.

jeg har naturen vandresans

som varsler tid og vei.

Artikkelen held fram under annonsen.

(Einar Skjæraasen: «Vandringsvise»)

I fleire år har mange bede meg med på denne vandringa, som betyr så mykje for så mange. Dei vil vise Vest-Telemark blad kva dette er for noko, og kvifor det er så fint å vera med. «Du må bli med når me går på Haukelifjell. Og du kan vel bli med ein heil dag?»

Det greidde eg ikkje. Det er så mykje ein skal rekkje heile tida, så mykje ein må ha tid til, så mykje ein må prioritere vekk. Så eg sette av ein halv dag, og møtte opp på Edland.

Då me var komne til toppen, til mastene Tjøstolv peika på, angra eg.

Ikkje på at eg blei med. Men på at eg ikkje kunne bli med heile vegen til Vågslid. Eg let Sissel setje ord på kvifor:

– Du får kontakt med ulike menneske med ulik bakgrunn. Utvidar både ditt eige perspektiv og andre sitt. Ein får seg mange positive overraskingar.

Etter å ha gått der saman med den fine gjengen i nokre timar, småskravla og ete smågodt, lytta til samtalar om alt frå 11. september til Sondre Bratland, tenkt litt på kva ein skal bruke helga til, fundert litt på livshistoria til den eller den, og litt på si eiga, har eg ikkje lyst til å snu. Det er som det å gå gjer at ting losnar. Nakken blir mjukare, hovudet blir tømt. Ein blir litt gladare, godsliten og trøytt om kvelden, klar for ein ny dag. Så godt me har av å gå – og så godt me har av å gå saman.

På vandring inn mot framtida

Artikkelen held fram under annonsen.

så tek ein tidt farvel,

men tenkjer ein på morgonen

når dagen kjem til kveld

då ser ein fram mot nytt i ljos

av livsens gamle eld.

(Knut Buen: «Vandringsvise»)

Min veg

Stein Versto

Klår er min tanke,

Artikkelen held fram under annonsen.

stille mitt sinn,

varmt er mitt hjarta

for vegen min.

Nokon gjekk før meg,

det lyser i spor.

Ei stille røyst kviskrar

eit vandrarord.

Frå fjell ned til hagar

med angar av vår.

Dér blømer blomar

i grodde sår.

Klår er min tanke,

god er mi tid,

varmt er mitt hjarta

for jordi mi.

Landet er ope,

jordi er ei,

ho sviv som ein dansar

i himmel-lei.

(Tonesett av Odd Nordstoga på plata Pilegrim frå 2008)

Vandringstankar

På toppen av dei seige bakkane opp mot Haukeliheie blei det ein lang, god kvil. Den store posen med smågodt gjekk rundt. Ingen takka nei. Så gav me alle kvar sin penn og papirlapp, så dei kunne skrible ned nokre vandringstankar. Her er dei:

Gjev meg inspirasjon til å koma meg ut resten av året. Godt samhald blant pilegrimane. Fin gjeng.

Kjenne at ein lever. Det heiter å gå av seg ting, ein tømer hovudet og tenkjer på veldig lite. Bli kjent med andre i same setting, på ein annan måte.

Flott og variert natur. Spennande å gå saman med mange forskjellige menneske.. Lever lenge på minna frå ein slik tur, på fem dagar pilegrimsvandring.

Gjekk sju dagar til Røldal for 9-10 år sidan og har gått dagsturar her fleire gonger etterpå. Spesielt i år er at eg sidan sist har mista mannen min. Fint å gå «vidare åleine» i ei gruppe. Det blir ein måte å koma vidare på både fysisk og psykisk. Eg skal berre gå ein dagstur nå, men for ei veke sidan gjekk eg siste etappe til Røldal saman med Eilev Erikstein og ei gruppe frå Vinje som hadde ei «gåande sorggruppe».

Fin moglegheit til å bli kjent med nye menneske og sjå flott natur. Godt for kropp og sjel.

Fint å samlast til tur. Fint å ha det fellesskapet som dannast på turen. Fint å gå på fjellet, bevege seg og få masse frisk luft.

Tenkjer ikkje på noko spesielt når eg gjeng. Men det sosiale er viktig for meg som er ateist. Veldig trivelege folk og eit fint tilbod for å kome seg ut for meg som ikkje har så mykje midlar.

Koseleg å gå i lag med andre, og bra å koma i betre form.

Godt å ha noko å sjå fram til gjennom året. Vandring saman med gode menneske – fellesskap. Fantastiske naturopplevingar. God trening. Fint å ha felles opplevingar med dei andre, når me møtast att seinare. Fint med felles tur i Vest-Telemark.

Her får eg eit glimt av himmel og jord, menneskeleg likeverd og Guds skaparhand i naturen.

Koma saman, sosialt. Kjentmann Tjøstolv fortel om plassar undervegs. Fint å koma til fjells. Saman om å leve.