Fire ukjende kløyvde nasen på raulending
Kven var dei fire karane som væpna med vinflasker og stokkar gjekk til åtak på ein kar, kløyvde nasen hans og øydela bilen hans? Lensmannen i Vinje har fått endå ei delikat historie frå Rauland å stelle med. Hendinga gjekk føre seg natt til laurdag. Det starta tidlegare på kvelden då ei kvinne køyrde inn i tunet i bil og – truleg medvite stanga inn i mannens bil, som fekk ein del skader. Kvinna forlet så staden. Klokka tre om natta kom ho att. Ho vart sitjande i bilen, medan fire karar ho hadde med seg, steig ut og knakka på døra. Mannen opna og vart møtt av stokkeslag. Karane gav uttrykk for at dei «ikkje lika kvinnemishandlarar» og kløyvde nasen på mannen. Politiet kom til staden ei tid etter og fann mannen blodig og forslått. Han vart køyrd til lækjar som sydde han i hop.
Politiet fekk etter nokre dagar tak i kvinna i Skien, og festa ikkje lit til forklaringa hennar om at ho berre hadde invitert dei fire karane på kaffi. Dei trur kvinna forleda mennene til å gå fram på denne utrivelege måten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les fleire saker frå VTB 9. juli 1985 iVTB-arkivet her– ope for alle som abonnerer på VTB!