Fisketevling i strålande vårver på Ståvatn
Lite fisk men:
Haukeli-Edland Jeger og fiskeforenings Isfisketevling på Ståvatn sundag vert ein suksess om ein tenker på veret, ikkje eit einaste vindpust, og strålande sol. Dette såg Ikkje ut til å ha innverknad på fisken, for av dei 75 fiskarane som stilte opp, fekk faktisk berre 7 fisk. Magne Århus var den einaste som fekk to. Men det såg ut som om deltakarane stortreivst på isen, skulle berre mangle, for det er ikkje ofte at Haukellfjell og Ståvatn med sine 979 m.o.h visar seg frå ei slik side som denne gong. Rett nok var vatnet mykje nedtappa, noko som ikkje burde virke til at fisken viste ei slik «sløv» haldning ovafor fiskarane som denne gong.