Flytting av elevar frå Kviteseid til Brunkeberg: Uvanleg røysting

Ytring

I kommunestyresaka i møtet den 18. juni, som gjaldt flytting av 3 elevar neste skuleår frå Kviteseid skule til Brunkeberg oppvekstsenter, etter råd frå rektor ved Kviteseid skule og etter ønskje frå foreldre og foreldreutval, blei røysterekkefølgja over framlegga noko uvanleg.

Likevel er det møteleiars fulle rett å ta stilling til røysteopplegg, sjølv om ein kvar representant kan kome med framlegg til andre måtar å gjere det på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket i Hovudutval for oppvekst og omsorg, som var i tråd med rektors tilråding og foreldras ønskje, blei sett opp mot rådmannens tilråding om nei til flytting, i fyrste røysterunde, og såleis røysta ut. HOO sitt vedtak gjekk fleire av oss inn for. Deretter blei to framlegg, som begge gjekk mot flytting, røysta over. Etter mitt og andres syn skulle desse to prinsipielt like framlegga vore sett opp mot kvarandre og røysta over i fyrste røysterunde. Deretter skulle fleirtalsframlegget her blitt sett opp mot vedtaket i HOO. Det er nemleg vanleg, når det er meir enn to framlegg, at dei to mest ulike framlegga blir røysta over til slutt. Kva resultatet hadde blitt, har ingen ting med det prinsipielle å gjere.

Saka blei dessutan lagt fram med noko uavklara avgjerdsgrunnlag, med omsyn til kostnad og organisering av skuleskyss, og burde derfor vore utsett om ikkje tida hadde vore så knapp.

Det som var viktig for dei av oss som gjekk inn for flytting, var å lytte til råda frå rektor ved Kviteseid skule, foreldra til elevane og foreldreutvalet. Me blei bundne til å røyste mot flytting i og med at vårt primærstandpunkt fall ut som alternativ i siste og avgjerande røysterunde.

Dette er ikkje meint som nokon omkamp, men tvert i mot i respekt for demokratiet og til ettertanke.

Jon Ingebretsen uavhengig representant medlem i Kviteseid MDG

«Om bier, humler og kantklippere» Fleire ytringar på side 18.