Folkerøysting om kommunereforma
Fyresdal kommunestyre har vedteke å stå på tidlegare vedtak om å nytte folkerøysting som metode når alternativa er klare og ein skal høyre meininga til innbyggjarane om kommunereforma. Kommunen vil nytte seg av tilskotet frå regjeringa på 100 000 kroner til å gjennomføre folkerøystinga.
Dei ti Ap-representantane stod bak vedtaket. Sp fekk ikkje motparten med på eit tillegg om at ein også skal gjennomføre ei innbyggjarundersøking.