Førehandsrøystinga viser framgang for Sp og Ap i Vinje

20 prosent av dei røysteføre i Vinje har stemt på førehand. Resultatet frå førehandsrøystinga viser at Ap vinn eitt mandat og Sp to.

Men kvelden er enno ung, og dei ordinære stemmene frå i går og i dag er enno ikkje opptelt. 

Dersom resultatet frå førehandsrøystinga hadde blitt ståande, ville Høgre beheldt sine tre mandat og Venstre sitt eine. SV ville mista eitt mandat, og Frp ville mista eitt av sine to.