Fotballskule – også for jenter
– Me arrangerer fotballskulen for å prøve å lage eit høgare nivå på spelinga i fylket. Me håper på mange påmeldingar innan fristen går ut den 5. juli, og særleg interesserte er me i at jenter møte opp. Sommarskulen er for gutar og jenter i alderen 7 til 16 år, og me har ein kapasitet på 75 deltakarar dagane treninga pågår. Me ynskjer folk frå heile fylket velkomne, men ekstra moro er det om vest-telemarkingane blir sterkt representerte. Det viktige no er at leiarane i fotballgruppene rundt i distriktet informerer og stør opp om fotballskulen i Vrådal i byrjinga av juli.