Friidrettstalenta frå Seljord med effektive treningar innandørs i Bærum
Friidrettsgruppa i Seljord leigde i helga Rudhallen i Bærum for effektive treningar.
Seljord IL gjekk saman med Urædd friidrett og Snøgg friidrett om å leige innandørshallen i tre timar laurdag. Ein samla tropp på om lag 30 utøvarar fekk to effektive treningar inne i den store friidrettshallen i Bærum.
Samarbeid
Med trenarar i mellomdistanse, kast, sprint, lengde, høgde og stavsprang fekk utøvarane ein unik og god treningsoppleving inne i den varme, lysstille og lune friidretthallen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er eit samarbeid me vil prøve å oppretthalde framover. Å trene saman med større klubbar gjev seljordutøvarane gode moglegheiter til å utvikle seg vidare å nå større framgang. Denne eingongstreninga vil me jobbe med å få til fleire gonger, seier Hans Inge Hagen i friidrettsgruppa i Seljord.
Fem frå Seljord
Han skisserer at dei vil prøve å få til ei slik samling ein gong i månaden gjennom vinterhalvåret.
Frå Seljord deltok Herman Hogstad Sveinsson, Brage Kleiva Romtveit, Kristian Eilefstjønn Berntsen, Emma Hagen og Innocent.