Grendeskulane står trygt i Fyresdal
Framfor skulestart kan Fyresdal gle seg over stabilt elevtal ved grendeskulane. – Kilegrend får ni elevar som i fjor, og Jon Ragnar Valle er attende som lærar. I Breivik aukar elevtalet frå åtte til ni, og Torhild Valseth er veteran ved kateteret. Hauggrend/Veum med Veum som skulestad dette skuleåret, får 10 elevar, mot åtte ved skulestart i fjor. Her er Tor August Andersen lærar sidan februar. Fortel skulesjef Olav Jortveit som elles kan gle seg over ein stabil lærarstab i bygda. Elevtalet ved Gimle barne- og ungdomsskule går ned frå 198 i fjor til 192 i år. Også i åra framover vil elevtalet der gå ned, men ikkje dramatisk, seier Jortveit. Skulen i Fyresdal tek i haust spranget inn i EDB-alderen. EDB er valfag både i barne- og ungdomsskulen.
Les meir om dette, og andre saker frå avisa i 1985