Gunhild Austjord tok sylv i skiskyttar-NM
Endeleg fekk Fyresdal Skiskyttarlag hol på «byllen». Aldri før har ein utøvar for klubben prestert å få medalje i NM for senior eller junior. Rett nok har rekruttane vunne både gull, sylv og bronse under tidlegare hovudlandsrenn, men det store steget frå rekrutt til junior har synt seg svært vanskeleg. Det var under laurdagens sprint på fem kilometer i Noregsmeisterskapen som vart arrangert på Voss, at fyrsteårs junior Gunhild Austjord klarte det. I konkurranse med 30 andre 16/17 åringar frå heile landet, skaut ho fem treff på liggande, og fire treff ståande. Dette kombinert med eit svært godt gjennomført langrenn, resultera i 2. plass, 26 sekund bak vinnar Gunn Kjersti Bøygard frå Ål i Hallingdal, men fire sekund betre enn Signe Trosten frå Tana i Finnmark. Men Gunhild var ikkje den einaste frå Vest-Telemark som gjorde det skarpt på Voss. På fredagens normalprogram på 10 kilometer for yngre junior vart Geir Holløkken frå Høydalsmo nummer seks med berre eit tilleggsminutt. Ein svært god prestasjon i ei knallhard klasse med 122 deltakarar. Espen Dørdal, Fyresdal, skaut på seg fire tilleggsminutt, derav tre på ståande, og vart nummer 60. Fredag vart Tine Reiten, Seljord, nummer seks og Gunhild Austjord nummer sju på jentenes 7,5 kilometer. Båe fekk tre tilleggesminutt. I klasse eldre junior vart Trude Reiten, Seljord, nummer 18, og Torunn Gjerjordet, Heddal, nummer 22. Med fire tilleggsminutt vart Jan Ove Håstull, Drangedal, nummer 66 i klasse eldre junior. Frå laurdagens sprint er Gunhilds prestasjon nemnt. Tine Reiten vart nummer 10 i same klassa. I klassa eldre junior blei Torunn Gjerjordet nummer 11 og Trude Reiten nummer 19. 25 tartande der. I klasse yngre junior gutar opnar Geir Holløkken svært godt. Skaut fem treff i rekordfart på liggande og fekk passeringstid ni sekund betre enn vinnaren Dag Bjørndalen frå Simostranda. Men med fire strafferundar på ståande, rasa han nedover lista til ein 26. plass. Espen Dørdal gjekk og godt ut, med ein bom liggande og stor fart i løypa. Men i eit NM blir to strafferundar på ståande for mykje for dei fleste han «sprakk» nesten like mykje som Geir og vart nummer 21. Tarjei Skålid fekk fire strafferundar og vart nummer 44 i ei klasse med 120 deltakarar. I klasse eldre juniorar vart Jan Ove Håstul nummer 60 av 86 deltakarar. Sundagens stafett resultera i at jentelaget med Trude og Tine Reiten pluss Gunhild Austjord fekk ein 8. plass av 14 lag. Ein god prestasjon av jentene som trass alt konkurrera mot mange lag som har to-tre år høgare gjennomsnittsalder. Gutelaget Espen Dørdal, Geir Holløkken, Tarjei Skålid og Jan Ove Håstul hadde ein svært svart dag. Laget fekk mange strafferundar og plassera seg deretter. Men alt i alt var NM'en ein svært positiv meisterskap, særleg for Vest-Telemark, og den viste at det er og mogleg for mindre klubbar med små resurssar å hevde seg.