Har hatt «lappen» sidan 1919
Knut T. Høgetveit i Vinje er truleg den eldste i Vest-Telemark som har «lappen». Den 17.4 1899 kom han til verda og hausten 1919 tok han førarkort. Med andre ord så har han hatt dette kontinuerleg i 67 år. Men sjølv med førarkort i så mange år, har Høgetveit hatt berre ein bil. Folkevognbobla som han framleis dagleg køyrer med, kjøpte han i 1960, den kosta då kr. 13.850. – Ho hev gjenge som ei klokke, men eg har skift ein motor, seier Høgetveit om den «kjære» bilen sin som han har vondt for å kvitte seg med.