«Mellom slaga i promo-dag nr 4. Kaffepause og selfie-taking for VTB (gruss). Uansett V for VTB og Vest-Telemark. (Og litt for fred så klart...). Ingebjørg.»
«Mellom slaga i promo-dag nr 4. Kaffepause og selfie-taking for VTB (gruss). Uansett V for VTB og Vest-Telemark. (Og litt for fred så klart...). Ingebjørg.»

Hei, Ingebjørg!

Me tok ein internettprat med den travle og plateaktuelle Ingebjørg Bratland denne veka.

09:31 Hei, Ingebjørg!

09:32 Hei! Eller God morgon heiter det no med liten g ikkje stor, det går på tv no det med stor G.

Artikkelen held fram under annonsen.

09:33 Gratulerer med plateslepp! Korleis har den siste veka vore?

09:34 Tusen takk ! Den har vore fin. Akkurat passe hektisk og greier.

09:35 Kva vil «passe hektisk» seie i di verd eigentleg – kva er ein typisk dag rett etter plateslepp?

09:37 Nja, meiner du dagen etter dagen liksom. Altså laurdag? Eller meiner du fredagen då eg slapp plata tru? Laurdagen var i alle fall ikkje hektisk. Eller eg styra med ein musikarog øvingskabal laurdagsmorgon, men resten av dagen sosa eg med Anne Vesaas. Drakk vin og åt fancy tapas, så fancy at du ikkje blir mett... Så me måtte heim til meg etterpå å poppe popcorn og drikke cola. Eg drakk ikkje cola då. Eg drakk pepsi max. Anne drakk cola.

09:38 Fredagen derimot då var det Nitimen, Radio Metro, VG, Ordentlig radio og Adresseavisa.

09:40 Det var litt av ei mediarunde. Lurar alle på dei same tinga? Og kor mange av dei introduserer deg med å seie det der med kongen?

09:41 He he. Veit du, eg slapp det faktisk hjå samtlege. Eller nei, den der Osloradioen (Metro) drog det vel opp, og Adresseavisa. Mange som heller vil prate om Bratland buss no. Heilt sant. Skal innom Lindmo no på laurdag, prata med redaksjonen i går og då dei byrja mara om bussane te far måtte eg nesten seie at det kanskje er litt «ferdigsnakka» no.

Kongen eller far. Same same, but different ...

Artikkelen held fram under annonsen.

09:44 Kongen er gårsdagens nyheiter no er det ei bussbedrift i Edland som er den heite poteta. Skjønar dei godt, me.

09:47 Dei to platemeldingane eg har lese har vore veldig gode (DN og Dagsavisen). Korleis er du fornøgd sjølv denne gongen?

09:47 Ja, såg ein i TA her om dagen som au var alle tiders. Og femmer og fiiiin melding i Aftenposten! Så det er STAS!

Skikkeleg stas, rett og slett

09:49 Hadde du tenkt det sjølv denne gongen, at det kanskje kom til å koma gode tilbakemeldingar? Eller hadde du lyst til å kaste denne plata også slik du har gjort før?

09:53 Nei, det hadde eg vel i grunnen ikkje tenkt. Men denne gongen lika eg plata godt sjølv. Det var liksom ikkje heilt slik med førre. Minnes førre plata då eg fekk ferdig miks, så lasta eg den ned på iPhonen, tok på meg jakka og sko og gjekk meg ein tur. Orka ikkje høyre heile... He he. Svitsja over til Beyoncé eller var det Kari Bremnes tru..? Uansett; denne gongen, gjorde eg det sama. Lasta ned miksen då eg fekk låtane tilsendt og gjekk meg ein tur. Høyrde plata TO gonger! Wow! Så svitsja eg over til Odd Nordstoga, eller var det ho der Sia kanskje?

09:57 Men så godt då! Særleg no når du har skrive heile plata sjølv? (bortsett frå den eine til Bob Dylan, då.) Er det nokon som har tatt kontakt fordi dei kjenner seg att altså at dei trur/veit du har skrive om dei?

09:58 Ha ha. Ikkje endå, men skal sjå det dukkar opp ein Markus eller to. He he.

Artikkelen held fram under annonsen.

09:59 Der tok du neste spørsmålet – eg hadde planlagt å spørje «kven er Markus?»

10:02 Sjå det. Ja, artig det der. Minnes då me var i studio og jobba så spurte Espen (Lind, produsenten) meg då me sat og åt lunsj: «Kem e Markus?» Og eg berre: «Veit då vel ikkje eg. Kjenner ingen Markus eg». Han kikka på meg og blei heilt slik: «Eee, men du har ei låt om han …»

Då svara eg: «Ååååå, han Markusen der ja.»

Ja, nei. Eg veit ikkje heilt eg. Det er no så mange Markusar liksom.

10:03 Verda er full av Markusar. Vil du fortelje litt om kvifor du har skrive «Stjernene»? Eg las ein plass at den handlar om dei sjølvlysande stjernene på jenterommet til deg og syster di?

10:07 Ja, det stemmer litt i grunnen. Låtar blir jo ofte til slik at ein hentar litt inspirasjon her i frå og der i frå. Sleit veldig med kva denne songen skulle heite til dømes. Arbeidstittel var «av og til», men det blei liksom for dumt på eit vis. Så tomt. Så tenkte eg på songen og på dei heime og huset mitt og syster mi. Lengta heim plutseleg. Og så tenkte eg på jenterommet mitt som framleis er stappa med slike sjølvlysande stjerner i tak og på veggar. Me hadde dilla på det, Tone og eg. Ho var så mørkredd, så ho starta med det der. Eg var ikkje, men lika stjerner. Så eg kasta meg på trenden eg au då veit du. He he. Dette er mange år sidan no, men stjernene heng altså endå. Koseleg.

10:11 Veldig! Det verkar som folk lika den godt eg høyrer både den og «Fordi eg elskar deg» på radioen rett som det er. Kva blir neste singel? (Viss det framleis heiter det?)

10:13 Ja, det er moro ! Seie det, det har me ikkje prata så om. Det blir vel kanskje opp til folk og fe kanskje det då. Om nokon låtar skiljer seg litt ekstra ut liksom. Veit me prata om Oslonatta, meeeen. P1 vil nok heller spele Ein liten song. Dei har visst alt starta så smått med det. Det er rart det, men det er fint det. He he…

Artikkelen held fram under annonsen.

10:16 P1 skal ein lytte til, dei veit kva folk vil ha. Kor mange gonger har du vore i Nitimen no? Eg høyrde på dykk på fredag, og det høyrdest ut som de hadde kjent kvarandre i årevis.

10:17 Ha ha! Ja, akkurat det der er no snodig. Synst jamt det er nye programleiarar, men Ida og Pål ja. Det var berre andre gongen med dei i år, andre på under ein månad faktisk. Men steike ta, har vel vore i Nitimen åtte gonger på eitt år no.

Dei skal visst ringe meg om ein av dei blir sjuke. Så sa vaktsjefen i Nitimen. Fint for meg, jabbar gjerne på radio eg.

10:18 Åtte gonger på Nitimen på eitt år kan ikkje bety anna enn at du no er ein ordentleg kjendis. Korleis er det, eigentleg? Det er veldig artig å høyre deg jabbe på radio òg – er vel kjekt å ha noko å falle tilbake på dersom du blir lei av artistlivet?

10:21 Der har me det. Nitimen = kjendis. Det skal eg seie i frå om, at neste gong dei vil ha meg på besøk får dei rulle ut raud løpar.

Ja, om eg blir lei kan eg byrje i radioen. Ta ein Bjørn Bø!

10:22 Ja, for det er Politisk kvarter du ser for deg dersom ei radiokarriere skulle bli aktuelt?

10:22 Jepp, «prate om krig og fred og sånn».

Artikkelen held fram under annonsen.

10:24 Me gler oss! Tilbake til kjendisgreia: Du skal leie Spellemannsprisen, er portrettintervjua i Dagens Næringsliv, og aviser oppi Trøndelag lagar nettsaker om at du kjem dit for å spele i april. Du er skikkeleg rikskjendis no. Korleis opplever du det å bli kjent att på gata, kontakta av ukjente folk og slikt?

10:28 Ja, det er liksom ei litt slik rar greie med den jobben. Den «kjendis»-biten. Men heilt seriøst, det går ganske bra. Eg går ut døra som ein dass stadig vekk og føler meg ikkje beglodd. Kauper både grandis og dopapir utan å tenke at han bak tenkte «hm hm hm» … Å vera kjendis i Noreg er nok reine barneskirennet det, i forhald til å vera kjendis i Amerika.

10:30 Det er bra. Sjølv om det hadde vore moro med ein amerikanskaktig realityserie med deg i hovudrolla. Trur du at det har forandra deg, det å få så mykje oppmerksomhet frå mange kantar?

10:30 Gløym the Kardshians: The Bratlands. Tenk deg det. Kunne vore noko det.

Nei, eg er heilt lik eg. Vore heilt lik sidan eg var ni år. Blir verken betre eller verre. Kanskje berre ein smule klokare. Og litt dummare.

10:33 Skal me snakke litt om tida som kjem før me rundar av? Turné og slikt er planlagt?

10:35 Ja, turné er på agendaen gitt. Mjuk start då, fyrst no i november med Bergen, Oslo og Trondheim. Ikkje noko slik rotterace, men så i februar blir det skikkeleg lang turné. Over tredve konsertar. Gledar meg veldig! Har aldri reist på lang turné med så mange før. Vore med orkester osv., men aldri med eiget band. Trommer, bass, gitar, tangentar, lyd og lys. Hu! To av dei eg skal på tur med har eg ikkje møtt ein gong. Spennande... Ja, og så eg då. EG skal au vera med. Rart det.

10:36 Lykke til på turné! Og med den eventuelle radiokarrieren. Noko du vil seie om bussane til far din slik på tampen – har kanskje vore litt lite fokus på dei her?

Artikkelen held fram under annonsen.

10:40 Nei altså, det må no vera det minste busselskapet i heile Noreg med ein slik gruleg godt sponsa reklamekampanje. Coop har Northug. Bratland Buss har meg.

10:41 Så får tida vise om det var Coop eller far din som valde den smartaste marknadsstrategien. Førebels ledar kanskje far din?

10:42 Ja, eg har i alle fall plettfritt rulleblad om ikkje anna.