Herman på andreplass i lengde i Noregs største friidrettsstemne
… og på sundag skal han springe 100 meter.
I helga blir Tyrvingleikane arrangert i Bærum. Det blir rekna som Noregs største friidrettsstemne for ungdom.
Herman Hogstad Sveinsson (15) frå Seljord var best av alle dei 26 utøvarane i kvalifiseringa til lengdefinalen med eit hopp på 5,79. I finalen hoppa han endå lengre – 5,85. Det var to centimeter bak William Kolberg frå Hellas IF som vann konkurransen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sundag har Sveinsson sjansen til å fylgje opp sølvmedaljen. Då er det 100 meter, med 42 deltakarar påmeldt, på programmet.