– Pulsen er høgare enn vanleg i kveld, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
– Pulsen er høgare enn vanleg i kveld, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.

Høg puls i timane før valresultatet

Ein times tid før vallokala i Tokke stengjer vedgår ordførarkandidatane for Arbeidarpartiet og Senterpartiet at pulsen ligg fleire hakk over normal kvilepuls.

Stemninga er god både hjå Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Tokke. Dei har valvake frå klokka åtte i kveld høvesvis på Dalen Kro og Dalen Hotel. Krf har ikkje valvake, men fylgjer tett med på korleis det går likevel.

– Eg vedgår at pulsen er høgare enn vanleg no. Eg kjenner det nesten som eg skal opp til eksamen i kveld. Får eg godkjent eller ei? Det er veljarane som avgjer det, og eg har stor respekt for dei, seier Hilde Alice Vågslid (Ap), sitjande ordførar i Tokke.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Senterparti-leiren er også pulsen høg. Jarand Felland kjenner verkeleg hjarta banke.

– Eg har hatt høg puls heile veka. Det har vore ei hektisk veke, og kjensla eg har no er spesiell, seier han.

Båe kandidatane er spente og seier at dei uansett utfall vil jobbe for at Tokke kommune skal vere best mogleg.

– Eg har hatt høg puls heile veka, seier Tokke Senterparti sin ordførarkandidat, Jarand Felland.
– Eg har hatt høg puls heile veka, seier Tokke Senterparti sin ordførarkandidat, Jarand Felland.

– Når me ser alt som skjer rundt oss kan me setje eit val som dette i perspektiv. Men eg og laget mitt håpar sjølvsagt på det beste, seier Vågslid.

– Me ynskjer sjølvsagt å vere i førarsetet, men det er veljarane som avgjer. Og me får ta det som kjem, seier Felland.