I fjellrevens rike – forhåpentlegvis
I februar blei 30 fjellrevar blei sett ut på Hardangervidda i Vinje. VTB fekk nyleg hengje med SNO og fjelloppsynet på ein sjekkrunde. Dukka reven opp, tru?
Morgonen starta grått med lågt-hengande tåke. Noko få plussgrader sikra tendensen til duskregn. Men vêrmeldinga er den beste denne veka for ein lang tur på Hardangervidda.
Det er på vinteren det er lettast å koma seg inn på vidda. Snøskuter gjer avstandane korte og sikrar frakt av kilovis med utstyr. Men det må vera brukande føre og gode vêrforhold. Det har vore ei utfordring denne vinteren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore ein vinter med mykje nedbør og vind. Då blir det som å køyre i ein stor kvit sekk. Det er mykje snø i fjellet, og den ligg på heilt andre stader enn eg har sett før, konstaterar fjelloppsynsmann Sveinung Olsnes.
Denne dagen, 7. april, bestemmer fjellet seg for å vise seg frå si beste side. Soli bryt opp tåkedekket og inviterar til ein forsmak av påskevêr.
Salar opp
Turen startar i Songakrysset i Vinje. Fjelloppsynsmann Sveinung Olsnes og Knut Nylend frå Statens naturoppsyn (SNO) skal ta ein kontrolltur ut til dei unge fjellrevane. Det er om lag ein månad sidan sist kontrollrunde.
I hengaren ligg fôr, spade og skiutstyr, og rundt bringa er skredsendaren festa for tryggleikens skyld. To i fylgjet køyrer dei erfarne fjellkarane oppover vidda, og bak på den eine snøskuteren, eitt ekstrasetet med plass for ein bladfyk.
Mildvêret gjev blautt føre forbi Songadammen og heilt til toppen, men i roleg marsjtempo går turen fint. Nesten tre mil innover køyrer fylgjet før fyrste stopp i det som har vore fjellrevens rike.
– I dette området er det registrert over 20 gamle fjellrevhi, og det er her dei nye fjellrevane er sett ut, fortel Nylend.
I løpet av året vil ungrevane få påfyll av mat og bli sjekka av SNO i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Hardangervidda fjelloppsyn. Fjellrevane blei sleppte ut onsdag 19. februar, og klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) fekk æra av å sleppe dei fyrste fri. Fjellrevane er fødde på NINA sin feltstasjon på Sæterfjellet i Oppdal. Revane blei transporterte med bil fram til Haukeli, før dei blei frakta
lengre inn på fjellet med snøskuter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håpet er av fjellreven på nytt skal etablere seg i området, men det er fleire utfordringar på vegen dit. Mellom anna er raudreven ein hard konkurrent.
– Før var det ein sterk formeining om at raudreven ikkje lika seg over 1 000 meter. No er me på kring 1370 meter over havet og her har det vore raudrev i mange av dei gamle fjellrevhia, fortel Nylend.
Tilgang på mat er også ei utfordring, og håpet er at det skal bli godt med lemen i år.
Registrering
I samband med utsetjinga er det sett ut 10 fôrautomatar fordela på fire hi, pluss to automatar sett opp mellom hi. Maten er rett og slett hundefôr. Kvar fôringsstasjon har eit viltkamera som tek bilete av eventuelle gjester.
På kontrollrunden bli minnekort bytta ut saman med påfyll av nye batteri. Så blir det sjekka kor mykje fôr reven har ete på staden. Alle funn blir nøye registrerte og skrive ned for å halde eit auge med fjellrevane. Prøver av lorten blir samla inn for å registrere revane med DNA.
Sei ifrå
Sidan februar har det vore observasjonar av fjellrev langt utanfor området på Hardangervidda.
– Det er naturleg for fjellreven å reise ut i denne alderen for å leite etter nytt revir og ein make, forklarar Olsnes.
Folk har sett rev på Haukeli, i Åmotsdal og til og med i Sauland. Store avstandar er ikkje noko hinder for ein fjellrev.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vil gjerne at folk seier i frå om observasjonar av fjellrev til SNO på Skinnarbu. Då kan me klare å fylgje mønsteret deira, seier Nylend.
Fjellrevane er øyremerkte, men merka kan vera vanskelege å sjå i vinterpelsen. Fire revar har også mista livet i møte med trafikken, tre i Haukeli og ein i Åmotsdal.
Godt nøgd
Turen rundt på vidda denne dagen blir på over ni mil, og me ser både elg og rype. Men ingen fjellrev. Ved fôrautomatane finn ein deriomot både bilete og spor etter aktivitet. Det er framleis revar oppe på Hardangervidda.
– Det er positivt at me såg ein god del aktivitet på nye plassar i dag. Det ser ut som om det er stabilt, og at revane skiftar litt på områda dei føretrekkjer der oppe. Det teiknar bra, seier Nylend.
Aktiv:Ved fleire av fôrautomatane var det registrert bilete av fjellrevar på besøk. Lunsj:Sveinung Olsnes (t.v.) og Knut Nylend tek ein pust i bakken og ein matbit. Ein god dag på «kontoret». Solid runde:Totalt kom rundturen på Hardangervidda på 9,2 mil på snøskuteren denne dagen. Registrering:Fôrstasjonane er sett saman av plastikktønner. Fjellreven er vand med desse frå oppdrettsanlegget, og opninga er liten for å hindre raudreven i å koma inn. Olsnes sjekkar viltkameraet.