Ikkje kvel familieskogbruket

Familieskogbruket er ein bærebjelke i det norske skogbruket. Nær 80 % av landets hogst til industriell bruk kjem frå familieeigde skogar tilknytta skogeigarsamvirket. Forvaltartanken er ein grunnpilar. Eigedommen skal overleverast i ein betre stand enn det ein sjølv overtok. Dette gir grunnlag for langsiktige prioriteringar, investeringar og miljøvennlig forvaltning.

Styresmaktene legger nå opp til å svekke denne eigarforma. Regjeringa har i forslaget til Statsbudsjett for 2016 varsla gevinstskatt ved sal av landbrukseigedom innad i familien. Det vil gje neste generasjon eit svakare økonomisk utgangpunkt for å drive eigedommen vidare. Regjeringas forslag om å redusere skatt på gevinst ved sal ut av familien er bra, men forslaget heit i skuggen av å innføre «familieskatten».

Artikkelen held fram under annonsen.

Norges Skogeierforbund meiner det er positivt med meir dynamikk i eigedomsmarknaden. Skog treng aktivt skogeigarskap, og då kan eigarskifte vere bra. Vi er for ei oppmjuking av eigedomslovverket. Men la oss knekke ei myte. Det snakkast om profesjonelle skogeigerar. Hobbybruk er ikkje god forvaltning. Kva meinast eigentleg med dette?

Svært få har i dag skogsarbeid i eigen skog som sin primære sysselsetting. Nokre gardbrukerar kombinerar skogsdrift med anna gardsarbeid. Det er vel det næraste vi kjem heiltidsskogeigaren. Sjølv ikkje dei aller største av landets skogeigerar lever av å jobbe i eigen skog. Skogeigerarforvaltar sin skog, ofte gjennom innleige av hjelp til å hogge, plante, planlegge, bygge veg og skogskjøtsel. Mange skogeigerar gjer ein del av jobben sjølv, men den teknologiske utviklinga har gjort det rasjonelt å samarbeide om eit moderne og effektivt driftsapparat til for eksempel hogst. Skogkapitalen er imedan svært viktig for mange, og er med på å finansiere større investeringar – anten næringsmessig eller privat. Ved at skogeigerar samarbeider gjennom skogeigarsamvirket kan den enkelte skogeigar enkelt få kjøpt tenester som dekker alle dei oppgåver der ho ikkje sjølv har kompetanse eller kor andre aktørar kan gjere jobben vesentlig meir effektivt, for eksempel ved bruk av profesjonelle hogstentreprenørar. Resultatet kan ein lese ut av statistikken: få næringar har større produktivitetsvekst.

Vår påstand er altså at vi bør bygge opp rundt familieskogbruket, ikkje true det. Det er ikkje først og fremst færre skogeigerar som vil skape auka lønsemd i næringa. Lønnsemda betrast fyrst og fremst gjennom målretta tiltak for at sjølve drifta blir meir effektiv gjennom heile verdikjeda. Ved å tynne og stelle skogen aktivt reduserast driftskostnadane ved hogst, og kvaliteten på tømmeret aukar. Gjennom utbygging av skogbilvegnettet, og gjennom opprusting av det offentlige vegnettet slik at vi kan køyre med fulle lass, kan transportkostnadane reduserast opp mot 30 prosent. Mest av alt er det viktig at vi stimulerar til ein lønsam- og vekstkraftig trebasert industri som kan sikre god betalingsevne for tømmeret. Mangelen på nasjonal industri med lønsamme marknader og god betalingsevne for råstoffet, er enormt mye viktigare enn gjennomsnittsstorleiken på norske skogeigedommar. Det er derfor positivt at regjeringa vil auke satsing på desse felta, og varslar ytterlegare fokus i ei eigen stortingsmelding som kjem våren 2016.

Men – vi må ikkje gløyme fundamentet. Langsiktig fokus og investeringsvilja som ligg rotfesta i det norske familieskogbruket vil være avgjerande for å gjenreise ei aktiv skog- og trenæring i Norge. Norges Skogeierforbund representerer familieskogbruket gjennom våre 36.000 medlemmer som har valt å stå saman. Vi har engasjert oss i utvikling av trebasert industri og vil gjere det igjen. Grunnen er opplagt - det sikrar at våre eigedomar har verdi også for framtidige generasjoner. Det norske familieskogbruket er garantisten for at skognæringa i Norge faktisk skal nå måla i SKOG 22 og møte dei fantastiske moglegheitane vi ser i bioøkonomien.

Legg vekk forslaget om gevinstskatt ved familiesal. Følg heller opp tiltak som kan skape vekst og lønnsemd!

Olav A. Veum,

styreleiar Norges Skogeierforbund