Ingen post på Fjone
Frå 1.juni er vegen til Fjone, Nissedal kommune i Telemark, stengt i samband med vegsikring/rassikring i Ovnen, mellom Fjone og Treungen. Det er me på Fjone særs nøgd med då dette er ei strekning som er utsatt for ras. Stenging av vegen er mellom kl.07 om morgonen og 20.30 om kvelden med tre pausar der dei slepp gjennom trafikken. Innbyggjarane tilpasser køyring til dei oppsatte pausane eller køyrer ferje. Me les på kommunen sine heimesider at arbeidet vil ta 4-6 dagar. Alt dette er me positive til! Og ser fram til å få ein sikker veg!
Det som ikkje er bra er at i skrivande stund har ikkje innbyggjarane på Fjone fått post etter vegvesenet starta arbeidet på vegen onsdag 1.juni. Det er ikkje godt nok i 2016. Det er ikkje noko informasjon gått ut til Fjonegrenda om dette, ei heller korleis det er tenkt løyst.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anne-Nora Oma Dahle,
til vanleg ein særdeles nøgd innbyggjar på Fjone