Kan leggje om gardsveg
Nissedal formannskap stør rådmannen i å gje dispensasjon frå tiltaksforbodet i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) for omlegging av gardsvegen hos to grunneigarar på Fjone. Vilkåra er at ny avkøyrsel frå fylkesvegen skal utformast i samsvar med løyve gjeve av Vegvesenet. Matjord i vegtraseen skal brukast ved tilbakeføring av eksisterande veg til dyrka mark, og ikkje førast ut av området. Før ein set i gang arbeidet skal tiltaket byggjesøkast, og det skal liggje føre byggjeløyve etter plan- og bygningslova.
Det er Torgeir Fossli og Leif Halvor Haugstøyl som har søkt om å flytte vegen som går gjennom to gardstun. Omlegginga blir på nesten 400 meter.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Ei omlegging vil gje klare fordelar både drifts- og miljømessig. Bumiljøet vil framstå som tryggare, der trafikk og landbruksdrift kjem lenger bort frå tuna», skriv sakshandsamar Sveinung Seljås.