Kapitel 3: Politikaren som «ombudsmann»

Skulestrukturen i Kviteseid kommune

Ein ombudsmann er ein politikar som i sitt verv som politikar lyttar til meiningar til dei folka som har valt han som politikar! Kva er folkemeininga i grenda di og elles i kommunen? Kva utrykkar folk i avisinnlegg og i høyringar til kommunen? I tillegg til eigne vurderingar og partiet sitt program, bør ein god politikar vera ein ombudsmann og stemme etter dette i kommunestyret og i utvala.

Ordførarduell                                                                                          

Før valet til kommunestyret no i haust, sende NRK ein «ordførarduell» i radioen. Deltakarane for Kviteseid kommune var Tarjei Gjelstad frå Kviteseid Arbeiderparti, Anne Birgit Sollid frå Kviteseid Senterparti og Jon Ingebretsen frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I denne sendinga hadde programleiaren eit avsnitt om skulepolitikk.

Han vende seg til Tarjei Gjelstad og spurde:«Kan du garantere at det blir tre skulestader også i neste periode med deg som ordførar?»

Gjelstad sitt svar: «Eg kan garantere at det blir tre oppvekstsenter. I forhold til skule, 5.-7.-trinnet i Vrådal så er Arbeiderpartiet delt.» «Og når høyringssvara kjem inn så vil Arbeiderpartiet ha eit medlemsmøte og så bestemme kånn.»

Seinare i duellen bad Tarjei om ordet og sa:«Som sagt. Høyringa er veldig viktig og vi får svar på ein del ting der.»

Eg oppfattar Terje Gjelstad sin uttale her at når det gjeld ei eventuell nedlegging av 5.-7. klasse på Straumsnes i Vrådal, vil han og Arbeiderpartiet taka omsyn til dei synspunkt som kjem frå Vrådal i høyringssvara.

Høyringane i skulesaka                                                          

Det er komen to omfattande og eintydige uttaler på høyringa frå Vrådal. Dei vil ha grendeskulen på Straumsnes med elevar frå 1.-7.klasse. Dei er særs tydelege på at dei vil behalde 5.-7. klasse på Straumsnes. Både uttalene er komen på trykk under ytring i VTB.

– Ein uttale kom frå foreldre/føresette til barn på Straumsnes skule og barnehage. «Dei ynskjer ein skule der dei bur og då ein skule som i dag, med 1.-7. klasse!» Majoriteten, 81% av foreldre/føresette er samd i dette og har underteikna uttala.

– Ein uttale kom frå samarbeidsrådet ved Straumsnes skule. Einstemming uttale der dei slår fast at dei ynskjer 1.-7. klasse ved Straumsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg kom det ei mengd innlegg til VTB i november/desember 2014 då rådmannen kom med budsjettframlegg om å legge ned 5.-7. klasse på Straumsnes. Desse ytringane kom frå tidligare elevar, nokre som ennå bur i Vrådal, men og nokre utflytta. Skulle dei tenke på å flytte attende til Vrådal, var ein fullverdig skule i Vrådal ein føresetnad.

Konklusjon                                                                                            

Eit meir eintydig signal kan ikkje ein politikar få. Spørsmålet no er om du som ordførar og du som politikar vil vera ein «ombudsmann» og lytte til desse signala. Tek du omsyn til dei eintydige svara i høyringssvara frå Vrådal og alle avisinnlegga i VTB, stemmer du for å oppretthalde 5.-7. klasse på Straumsnes skule!                                        

Tove Øy