Karlsen El. service legg på seg
– Etter at det vart anlagt grøntanlegg der det før var parkeringsplassar framom forretninga mi, gjekk omsetnaden svært mykje ned. Husleiga vart og lagt dugeleg på, så eg vart nøydd til å gjere noko då Erling Fulsås slutta med butikken sin, fekk eg tilbod om å overta lokala, og slo til med ein gong. No har me jobba på spreng med oppussing og flytting, men i morgon er det såpass klart at me opnar. Det er Torstein Karlsen, mannen som driv Karlsen El. service på Dalen som seier dette.